Nasjonal statistikk for pasientomboda
På oppdrag frå pasientomboda i Noreg har NSD utvikla og driftar eit nettbasert statistikksystem. Systemet inneheld data over kor mange førespurnader pasientomboda får, kva type førespurnader dei får, og korleis førespurnadene vert handsama. Pasientomboda sine arbeidsområder omfattar den offentlege somatiske og psykiatriske spesialisthelsetenesta. Dei skal arbeide for å ivareta pasienten sine behov, interesser og rettstryggleiken overfor helsetenesta.
Pasientomboda kan opplysa om rettar, klageordningar og moglegheiter pasientar har for erstatning. Alle, også pårørande og helsepersonell, kan vende seg til pasientombodet.. Kommunehelsetenester som fastlege, legevakt og liknande er ikkje omfatta av ordninga. Det er 19 pasientombod i Noreg. Hedmark og Oppland har felles ombod, medan det i Hordaland er eitt pasientombod for somatiske helsetenester og eitt for den psykiatriske helsetenesta.
Pasientomboda hadde fram til 2003 ikkje nokon felles statistikk som presenterar det arbeidet dei gjer. For å kunne samanlikne tala i årsmeldingane som omboda la fram vart det sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå tre av pasientomboda, medan Sosial- og helsedirektoratet og NSD deltok som rådgjevarar i statistisk analyse. Gruppa konkluderte med at det skulle utviklast ein sentral database der dei ulike pasientomboda registrerer og hentar ut data direkte via Internett.
Dataregistrering
NSD har utvikla eit registreringssystem, kor pasientomboda registrerer data via Internett eller eksporterer data direkte frå pasientomboda sitt sakshandsamingssystem. Gå til registrering
Datauttak
Data kan nyttast til forskning, og ein kan ta ut tabellar, grafar og tematiske kart. Ein kan óg eksportera data frå applikasjonen for bruk i statistiske analyseprogram. I tillegg kan ein analysere data i dynamiske krysstabellar. Systemet har vore i drift frå 1. januar 2003.

