NSD grafikk
Graf: Kontantstøtten halvert

NSDs Kontantstøttedatabase

Talet på kontantstøttemottakarar redusert til ein tredjedel

Av Trond Pedersen

I 1999 vart det utbetalt kontantstøtte for 75 prosent av alle born i kontantstøttealder, medan delen i 2012 berre utgjorde 29 prosent. Også i 2011 låg delen på 29 prosent. For første gang sidan byrjinga av 2000-talet var det ikkje nedgang frå året før.

Grafikk - Kontantstøtten

Nye vilkår for mottak av kontantstøtte inneberer mellom anna at det frå august 2012 berre er eittåringar som har krav på slik støtte. Tidlegare var også toåringar inkludert. Tala for 2012 er difor vekta gjennomsnitt av månadane før/etter august.

Sidan innføringa av kontantstøtta i 1999 har talet på mottakarar vorte kraftig redusert. Tala for 2012 syner ein nedgang på heile 67 prosent. I alt gjekk talet på kontantstøttemottakarar ned frå om lag 88 000 til 29 000 i perioden 1999-2012. Dette må sjåast i samanheng med den omfattande barnehageutbygginga i same perioden, sjølv om noko skuldast endringane i august 2012: Dersom ein målar over månadane januar-juli blir den tilsvarande endringa frå 88 000 til 37 000 – ein nedgang på 58 prosent. Då har ein isolert for effekten av bortfallet av toåringane.

Vi har sett nærare på eit par sentrale trekk ved statistikken på fylkesnivå, der mønsteret er det same frå år til år. Agder-fylka og Oppland ligg som vanleg på topp med ein kontantstøttedel på 36-38 prosent, medan Akershus og dei to nordlegaste fylka plasserer seg nedst med 20-23 prosent.

Nedgangen i delen born med kontantstøtte i Oslo var også i 2012 svakare enn i dei andre fylka, og frå året før var det faktisk ein liten auke. Dette kan forklarast med at det i hovudstaden har vore ei sterk auke (34 prosent) i talet på eitt- og toåringar, noko som har bidrege til auka konkurranse om barnehageplassane og at ein del dermed ikkje har hatt fritt val mellom kontantstøtte og barnehageplass. I andre enden finn vi Finnmark med ein reduksjon i talet på eitt- og toåringar på 23 prosent. For landet sett over eitt var det ein auke på 4 prosent.

Dei nye reglane for kontantstøtte inneberer også at støtta vert halvert for alle med barnehageplass inntil 20 timar per veke. Dei som har meir enn dette mister støtta heilt. Før august 2012 var praksisen slik at støtta minka trinnvis etter kor mange timar i veka ein gjekk i barnehage. Snittet over månadane august-desember syner at heile 98 prosent av borna med kontantstøtte ikkje gjekk i barnehage i 2012. Tilsvarande tal for året før syner ein del på 77 prosent (21 prosent var i barnehage 20-32 timar per veke), så det er tydeleg at endringa i utbetaling av støtte har hatt ein påverknad på barnehagebruken for foreldra til born med kontantstøtte.

Data frå NSDs Kontantstøttedatabase