NSD grafikk
Graf: Kontantstøtten halvert

NSDs Kontantstøttedatabase

Ein av tre får kontantstøtte

Av Trond Pedersen

Av alle eitt- og toåringar i landet var det i 1999 så mykje som 75 prosent det vert utbetalt kontantstøtte for. I 2010 var delen redusert til 32 prosent. Dei resterande 68 prosentane hadde fulltidsplass i barnehage.

Grafikk - Kontantstøtten halvert

Sidan innføringa av kontantstøtta i 1999, har talet på mottakarar vorte kraftig redusert. Tala for 2010 syner ein nedgang på heile 57 prosent. Og trenden held fram - berre frå 2009 var det ein nedgang på 8 prosent. I alt gjekk talet på kontantstøttemottakarar ned frå om lag 88 000 til 38 000 i perioden 1999-2010. Dette må sjåast i samanheng med den omfattande barnehageutbygginga i same perioden.

Vi har sett nærare på eit par sentrale trekk ved statistikken på fylkesnivå. Sameleis som året før ligg Agder-fylka og Oppland på topp med ein kontantstøttedel på hhv. 48, 44 og 43 prosent, medan Akershus og dei to nordlegaste fylka ligg nedst med 22-24 prosent.

Nedgangen i delen born med kontantstøtte i Oslo var ikkje så sterk som i dei andre fylka. Dette kan forklarast med at det i hovudstaden var ein tydeleg auke (29 prosent) i talet på eitt- og toåringar i same periode, noko som bidrog til auka konkurranse om barnehageplassane og at ein del dermed ikkje hadde fritt val mellom kontantstøtte og barnehageplass. I dei fleste andre fylka var det ein reduksjon i talet på eitt- og toåringar, og då særleg i Finnmark (-25 prosent).

Av borna som mottok kontantstøtte i 2010, var det 77 prosent som ikkje gjekk i barnehage. Dei fleste var altså heimeverande eller hos dagmamma. Dei resterande var mellom 17 og 32 timer pr. veke i barnehage (32 timer er det maksimale talet ein kan ha utan å miste kontantstøtta). I 1999 var det 87 prosent som ikkje hadde barnehageplass blant kontantstøtteborna. Delen med 25-32 timers barnehageplass pr. veke viste ei auke frå 4 prosent i 1999 til 15 prosent i 2010. Det ser altså ut til at barnehageutbygginga har ført til at det er blitt mogeleg for fleire å ha redusert barnehageplass for sine born (framfor å ha dei heime eller hos dagmamma). Oslo skil seg mest ut, med ein del på heile 97 prosent utan barnehageplass blant kontantstøtteborna. Dette kan skuldast at det er vanskeligare enn i andre fylker å skaffe seg deltidsplass i barnehage (Statistisk sentralbyrå (SSB) sine KOSTRA-tal syner at Oslo og Akershus har ein deltidsandel blant alle barnehagebarn på berre 2 prosent, medan landsgjennomsnittet ligg på 8 prosent). Ein annan forklaring på den låge delen kontantstøtteborn med deltidsplass i Oslo kan vere at delen sysselsette kvinner med fulltidsjobb (30 timar eller meir per veke) er høg samanlikna med andre fylker, i følgje SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk. Delen sysselsette menn med fulltidsjobb skil seg ikkje ut.

Data frå NSDs Kontantstøttedatabase