NSD grafikk
Graf: Kontantstøtten halvert

NSDs Kontantstøttedatabase

Talet på kontantstøttemottakarar halvert

Av Trond Pedersen

Sidan innføringa av kontantstøtta i 1999, har talet på mottakarar vorte halvert. Tala for 2009 syner ein nedgang på 53 prosent. Og trenden held fram - berre frå 2008 var det ein nedgang på 11 prosent.

Grafikk - Kontantstøtten halvert

I alt gjekk talet på kontantstøttemottakarar ned frå om lag 88 000 til 41 000 i perioden 1999-2009. Dette må sjåast i samanheng med den omfattande barnehageutbygginga dei siste åra. Også delen born det vert utbetalt kontantstøtte for, er gått ned. I 1999 var denne så mykje som 75 prosent (av alle eitt- og toåringar) for heile landet, medan han i 2009 var redusert til 35 prosent. Dette vil seia at 65 prosent av alle eitt- og toåringar i landet hadde fulltidsplass i barnehage i 2009.

Vi har sett nærare på eit par sentrale trekk ved statistikken på fylkesnivå. Sameleis som året før, ligg Oppland og Agder-fylka på topp med ein kontantstøttedel rundt 50 prosent, medan Akershus og dei to nordlegaste fylka ligg nedst med 24-27 prosent. Nedgangen i delen born med kontantstøtte i Oslo var ikkje så sterk som i dei andre fylka. Dette kan forklarast med at det i hovudstaden var ein tydeleg auke (23 prosent) i talet på eitt- og toåringar i same periode, noko som bidrog til auka konkurranse om barnehageplassane og at ein del dermed ikkje hadde fritt val mellom kontantstøtte og barnehageplass. I dei fleste andre fylka var det ein reduksjon i talet på eitt- og toåringar, og då særleg i Finnmark og Nordland. På tross av dette hadde Finnmark den nest svakaste nedgangen i kontantstøttedelen. Dette indikerer at talet på barnehageplassar (fulltid) for dei minste i dette fylket ikkje har endra seg særskilt i perioden 1999-2009. Statistisk sentralbyrå (SSB) sine KOSTRA-tal stadfestar dette. Dei syner ein svak nedgang i talet på barnehagar i Finnmark (dvs. i perioden 2000-2009). Sterkast nedgang i delen born med kontantstøtte var det i Vestfold og Akershus.

Ser ein på dei borna som mottok kontantstøtte i 2009, var det 77 prosent som ikkje gjekk i barnehage. Dei fleste var altså heimeverande eller hos dagmamma. Bortimot alle dei resterande var mellom 17 og 32 timer pr. veke i barnehage (32 timer er det maksimale talet ein kan ha utan å miste kontantstøtta). I 1999 var det 87 prosent som ikkje hadde barnehageplass blant kontantstøtteborna. Delen med 25-32 timers barnehageplass pr. veke viste ei auke frå 4 prosent i 1999 til 15 prosent i 2009. Det ser altså ut til at barnehageutbygginga har ført til at det er blitt mogeleg for fleire å ha redusert barnehageplass for sine born (framfor å ha dei heime eller hos dagmamma). Oslo skil seg mest ut, med ein del på heile 97 prosent utan barnehageplass blant kontantstøtteborna. Dette kan skuldast at det er vanskeligare enn i andre fylker å skaffe seg deltidsplass i barnehage. Ein annan forklaring på den låge delen kontantstøtteborn med deltidsplass i Oslo kan vere at delen sysselsette kvinner med fulltidsjobb (30 timar eller meir per veke) er høg samanlikna med andre fylker, i følgje SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk. Delen sysselsette menn med fulltidsjobb skil seg ikkje ut.

Data frå NSDs Kontantstøttedatabase