Tema - NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

Skulevalet 2017

Illustrasjon (c) Bjarne Øymyr, NSD

2017 er valår, også i skulen.

Skulevalet, som går av stabelen 4. og 5. september, er eit viktig barometer for sjølve valet og eit demokratisk laboratorium for partia sine ungdomsorganisasjonar og elevar i vidaregåande skule. Ved førre val deltok 395 skular over heile landet, med til saman nærare 190 000 elevar.

Saman med NRK og dataselskapet IBM arrangerte NSD det første nasjonale skulevalet tilbake i 1989, og årets val blir såleis det 16. i rekka. Skulevalet gir ofte ein indikasjon for korleis vil gå i det ordinære valet berre ei veke seinare. I tillegg er skulevalet ein viktig arena for landets ungdomspolitikarar.

Les meir om skulevalet på nsd.no/skolevalg.

Parallelt med skulevalet blir også valundersøkinga gjennomført. Dette er ei landsdekkande spørjeundersøking blant skuleungdommen, som har blitt gjennomført ved kvart val sidan starten.

NSD arrangerer skulevalet på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. 



Andre temasaker

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDWebredaktør: Njord V. SvendsenPersonvern og informasjonskapsler (cookies)