Ofte stilte spørsmål

 


- Kva tid er skulevalet?

Offisielle datoar for skulevalet 2017 er 4. og 5. september, men skulane kan melde inn resultata frå og med 28. august.


- Kor kan vi melde på skulen vår?
Påmelding gjerast på Skulens side.


- Er det kostnader for skulen i samband med skulevalet?
Nei, deltaking i skulevalet er kostnadsfritt for skulane.


- Kva tid opnast det for påmelding?
Skulane kan melde seg på valet frå 18. april.


- Kva tid er fristen for påmelding?
Påmeldingsfristen er 15. mai. Skulane kan endre og oppdatere informasjon fram til 26. august på Skulens side.


- Kor finner vi passord og brukarnamn?
Passord og brukarnamn til å logge på Skulens side finner ein i invitasjonsbrevet frå NSD som skulane får i april. Dersom ein har mist dette må ein kontakte skolevalg@nsd.no.


- Kven står for oppteljing av røyster og innrapportering?
Det er skulane sjølve som har ansvar for å telle opp røyster og å melde dette inn til NSD. Resultata meldast inn på Skulens side.


- Kva tid blir resultata publisert?
NSD publiserer valresultata kl. 19:00 den 5. september.


- Må alle skular gjennomføre papirval?
NSD tilrår alle skular å gjennomføre valet på tradisjonelt vis, med papirstemmesetlar, valurner, manuell oppteljing og rapportering. Det er likevel mogleg å gjennomføre e-val. Sjå eige rettleiing for dette.


- Må alle skular delta i valundersøkinga?
Nei, det er valfritt å delta i valundersøkinga. NSD ønskjer likevel at så mange som mogleg deltek. Valundersøkinga er ei viktig kjelde for både forsking og læring.


- Kva for parti kan ein røyste på?
Elevane skal kunne røyste på alle parti som stiller liste i det aktuelle fylket. Vallistene kan hentast frå Skulens side.


- Kva parti får delta i skuledebattane og valtorg?
Utdanningsdirektoratet og NSD tilrår at alle parti som stiller liste i det aktuelle fylket og som fekk meir enn 1% av røystene ved førre stortingsval får delta i skuledebattane og ved valtorga.


Fant du ikkje svar på det du lurte på? Kontakt oss på skolevalg@nsd.no

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDPersonvern og informasjonskapsler (cookies)