Kulturpolitiske sitat - tekststreng

(Klikk på navnet for å få biografiske opplysninger om politikeren)

Sitat av: Einar Hovdhaugen
Parti: Senterpartiet
Dato: 16/03/1965
Tema: Kunstnerisk kvalitet

Tilskudd til teaterformål

Skulle eg koma med ei innvending mot den tilskottsordninga vi har, måtte det vere at det kan vere tvil om ho stimulerer teatra til framsyning av ny norsk dramatikk. Det er kanskje grunn til å tru at førsteframsyning av ny norsk dramatikk, av ein kanskje ung og lite kjend forfattar, ville innebere ein større økonomisk risiko for teatret, når det gjeld publikumsbesøk m.a., enn det å spele eit klassisk stykke eller eit avgjort publikumsstykke, og at det kan føre til at teatra vil vere varsame med uroppføringar av ny norsk dramatikk. Når vi tenkjer på kor liten tilgang vi har av ny norsk dramatikk, og når vi tenkjer på kva det hadde å seie for våre store dramatikarar at dei fekk oppført på scena sine første stykke, som ofte ikkje var så veldig vellukka, men som var ein nødvendig lekk i deira kunstnarlege utvikling, så melder spørsmålet seg om det ikkje ville vere riktig om vi fann fram til ei ordning slik at uroppføringar av ny norsk dramatikk kom i frådrag av det forestillingstal som er lagt til grunn for bonusordninga.

Forhandlinger i Stortinget 1965, s. 2705

 

Kilde: Arkiv med sitat om kulturpolitikk ved NSD | Vilkår for bruk av data | Utlevering av data