Kulturpolitiske sitat - tekststreng

(Klikk på navnet for å få biografiske opplysninger om politikeren)

Sitat av: Olav Hordvik
Parti: Venstre
Dato: 03/12/1962
Tema: Kunstnerisk kvalitet

Bev. til kulturformål og kulturvern

Festspela i Bergen har vorte noko av ein institusjon, som byen reknar med. Og ikkje berre byen, men også landsdelen, og for den sak skuld heile landet, ser på Festspela i Bergen som noko av det ein må rekna med. [...] Sjølvsagt kostar det pengar, og eg trur ein aldri kan rekna med at Festspela i Bergen kan verta noka forretning isolert sett. Men at det har hatt stort verd for reiseliv og turistferdsel osb., er det vel ikkje tvil om. Det som likevel har vore grunnlaget for den samla komiteen sin uttale om Festspela i Bergen, er at det sett utfrå ei kunstnarleg og kulturell verdsetjing har vore rett å gje Festspela økonomisk hjelp.

Forhandlinger i Stortinget 1962, s. 1034

 

Kilde: Arkiv med sitat om kulturpolitikk ved NSD | Vilkår for bruk av data | Utlevering av data