Kulturpolitiske sitat - tekststreng

(Klikk på navnet for å få biografiske opplysninger om politikeren)

Sitat av: Helge Sivertsen
Parti: Arbeiderpartiet
Dato: 11/12/1964
Tema: Gjøre kulturgoder tilgjengelige Kunstnerisk kvalitet

Norsk kulturfond

Framlegget om Norsk kulturfond er ledd i ein kulturpolitikk som tek sikte på å gje alle del i kulturgodene, og å stimulere skapande åndsliv i dikting og kunst. Ingen kan gjere vedtak om åndsliv, korkje politiske parti, kommunestyre eller Stortinget. Men vi kan arbeide for å skape rike miljø som åndsliv kan vekse i.

[…]

[s. 1506] At det norske språksamfunn er så lite, skapar vanskar for all norsk litteratur, men særskilt for litteratur som kjem ut på nynorsk. Det har i seinare år vore sett inn vesentlig større midlar enn før for å verne om nynorsk kultur og å gjere det mogleg å gje ut bøker på nynorsk. Dette arbeidet må halde fram og gjerast sterkare. Ei av oppgåvene for Norsk kulturfond etter framlegget i proposisjonen skal nettopp vere å gjere nynorsk litteratur tilgjengeleg.

Forhandlinger i Stortinget 1964, s. 1505

 

Kilde: Arkiv med sitat om kulturpolitikk ved NSD | Vilkår for bruk av data | Utlevering av data