Kulturpolitiske sitat - tekststreng

(Klikk på navnet for å få biografiske opplysninger om politikeren)

Sitat av: Berte Rognerud
Parti: Høyre
Dato: 26/10/1967
Tema: Riksteateret Riksgalleriet Rikskonsertene

Norsk kulturfond. Årsmelding 1966

Når det gjeld musikk, er den store hendinga oppstartinga av prøvedrift med rikskonsertar. Kyrkje- og undervisningsnemnda har i si tilråding om den meldning som vert drøfta i dag, sagt at ho ikkje har merknader til at ei prøvedrift kjem i gang for ein treårsbolk over Kulturfondet. Men nemnda peikar elles på at dette er eit tiltak som naturleg høyrer inn under statsbudsjettet på line med Riksgalleriet og Riksteatret. Eg er samd i at som ein fast skipnad kan ikkje rikskonsertane finansierast over Kulturfondet. Om rikskonsertane skal verte det tredje bladet i ein trekløver av vandrande kunstinstitusjonar, får ein då drøfte når prøvedrifta går mot slutten.

Forhandlinger i Stortinget 1967, s. 422

 

Kilde: Arkiv med sitat om kulturpolitikk ved NSD | Vilkår for bruk av data | Utlevering av data