Kulturpolitiske sitat - tekststreng

(Klikk på navnet for å få biografiske opplysninger om politikeren)

Sitat av: Petter Jakob Bjerve
Parti: Arbeiderpartiet
Dato: 07/12/1962
Tema: Kulturpolitiske synspunkter

Skatt på inngangspenger

Eg må vedgå at eg misunner dei som er i ei slik stode at dei kan gå til åtak mot ein skatt som revyskatten. Det er ei mindre takknemlig oppgåve å måtte stå og forsvare ein slik skatt. Og grunnen til det er sjølvsagt at det ikkje er så lett å få gjort forståeleg kor vanskeleg avgrensingsproblemet er på eit område av skatteleggina som dette. Avgrensings- og kontrollproblemet er hovudårsaka til at ein ikkje til no har funne å kunne ta bort denne skatten. Men departementet skal sjølvsagt sjå på saka på ny, etter dei oppmodingar som ein har fått. Som sagt, problemet ligg i å avgrense skatten på revyteater andsynes skatten på andre framsyningar - varietéar, kabaretar, visekveldar, sirkusframsyningar, offentleg dans, og ei mengd andre framsyningar med underhaldning av blanda innhald.

Forhandlinger i Stortinget 1962, s. 1377

 

Kilde: Arkiv med sitat om kulturpolitikk ved NSD | Vilkår for bruk av data | Utlevering av data