Kulturpolitiske sitat - tekststreng

(Klikk på navnet for å få biografiske opplysninger om politikeren)

Sitat av: Helge Sivertsen
Parti: Arbeiderpartiet
Dato: 03/12/1962
Tema: Kulturpolitiske synspunkter

Bev. til kulturformål og kulturvern

I dette budsjettet har departementet gjort framlegg om ei æresløn til ein kunstnar, og departementet har nemnt Johan Falkbergets namn som det første. Det er naturleg at nasjonen heidrar utvalde kunstnarar med ei æresløn. Det ligg i det ei vurdering av kunsten som ei av dei edle krefter i samfunnet og respekt for det åndsarbeid kunsten er. Kunst og vitskap er uttrykk for den høgste menneskeleg skaparevne. Når Stortinget heidrar kunstens fremste representantar, er det derfor samtidig uttrykk for vårt folks humanitet.

Johan Falkberget står i dag som berar av norsk kulturarv på vesentlege område, og han har lagt til sitt eige livsverk. Han har vore ein stridsmann for sosial rettferd, for det godes sak i vårt samfunn, og han har nådd lenger enn andre fordi han er diktar.

[...] Løyvingane er noko høgre enn før i framlegget frå departementet, og eg trur vanskeleg vi kan overvurdere verknaden av innsatsen gjennom løyvingar på dette området. Så langt dei kan fremje kunsten i vårt samfunn og verne om kulturarv, er det verdiskapande. Kunsten gjev varig glede til den enkelte. Det gjeld dikting, musikk, bildande kunst, i skulptur, maleri, grafikk og brukskunst, det gjeld balletten og dei nye kunstformene i radioteater og fjernsynteater, det gjeld filmkunsten. Alle desse er med å gjere vårt samfunn rikare og vår kvardag meir gledefylt. Ta kunsten bort frå eit samfunn, så tek du glede og overskot bort med det same.

[...]

[s. 1041] Jamvel om vi vel må kunne seie at vi er komne eit stykke vidare på kulturområdet i det budsjettframlegget som Stortinget no skal ta stilling til, må vi likevel vere budde på at innsatsen på desse områda må kome til å auke i åra framover, dersom vi både skal gje kunsten dei utviklingsvilkår han bør ha og styrke vårt kulturvern slik som det er vår plikt.

Forhandlinger i Stortinget 1962, s. 1038

 

Kilde: Arkiv med sitat om kulturpolitikk ved NSD | Vilkår for bruk av data | Utlevering av data