Trygve Brattelis andre regjering gjekk av 14.01.1976

Odvar Nordli skipar ei ny Arbeidarparti-regjering.

Framfor landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1975 sa Brateli frå seg partileiarvervet. Både Odvar Nordli og Reiulf Steen ynskte å etterfølgja Brateli som partileiar. Kompromisset vart at Steen blei valt til partileiar på landsmøtet medan Nordli skulle vera statsministerkandidat ved valet i 1977. Dette førte til at Brateli satt på oppseiing som statsminister og overlèt difor til Nordli å skipa regjering.