Einar Gerhardsens tredje regjering gjekk av 27.08.1963

Regjeringsskiftet skuldast to tilhøve: For det fyrste mistar Arbeiderpartiet sitt reine fleirtal på stortinget ved valet i 1961. Framleis er det sosialistisk fleirtal på Stortinget, men representantane frå Sosialistisk Folkeparti sit i vippeposisjon. I samband med gruveulukka på Svalbard reiser dei borgarlege partia eit framlegg om mistillit mot regjeringa. Dei hevdar at regjeringa ikkje har teke tryggleiken i gruvene alvorleg. Dette framlegget blir vedteke av Stortinget; representantane frå Sosialistisk Folkeparti seier at dei ikkje ynskjer ei borgarleg regjering, men samstundes kan dei ikkje godta regjeringa si handsaming av Kings-Bay saka. John Lyng, leiaren i Høgre, skipar ei borgarleg koalisjonsregjering.