Johan Ludvig Mowinckels andre regjering gjekk av 11.05.1931

Grunnen til regjeringsskiftet er at Mowinckel-regjeringa blir kritisert av Arbeiderpartiet og Bondepartiet. Kritikken går på at Mowinckel-regjeringa ikkje burde ha gjeve konsesjon til verksemdene Unilever og A/S Lilleborg Fabriker. Regjeringa står på sitt, og tapar ei avrøysting i Odelstinget med to røyster. Peder Kolstad (Bondepartiet) skipar regjering.