Christopher Hornsruds regjering gjekk av 14.02.1928

Dei borgarlege på Stortinget samla seg mot den nye Arbeiderpartiregjeringa, og dei greidde å fella denne ved eit vedtak om mistillit etter berre 11 dagar. Framlegget om mistillit retta seg mot Hornsrud-regjeringa sin motvilje overfor bankvesenet; regjeringa nektar bankane sin innskotssentral statsgaranti. Mowinckel (Venstre) skipar ny regjering.