Otto A. Blehrs andre regjering gjekk av 05.03.1923

Regjeringa til Blehr går av etter at Stortinget har forkasta framlegget til ein traktat med Portugal. Framlegget gjekk ut på at Noreg skulle forplikta seg til å importera 850 000 liter hetvin mot at Portugal ikkje skulle auka tollen på norsk fisk. Otto Bahr Halvorsen (Høgre) skipar ny regjering.