Johannes W.C. Steens første regjering gjekk av 01.05.1893

22.6.1892

Konsulatsaka vert handsama i Stockholm. Kongen kjem med ei fråsegn om at han vil nekta sanksjon, noko statsrådsavdelinga meiner er i strid med grunnlova. Statsministeren søkjer avskil i det han gjer det klart at ei eventuell sanksjonsnekting ikkje vil bli kontrasignert og dermed ikkje er statsrettsleg gyldig. Med dette blir kontrasignaturproblemet drege inn i den politiske striden.

2.5.1893

Regjeringen Steen søk avskil etter at kongen nekter å sanksjonera løyvingar til eit separat norsk konsulatvesen. Kongen vender seg til Emil Stang som skipar si andre regjering etter Venstreregjeringa til Steen. Stangs nye Høgreregjering har ikkje fleirtal bak seg i Stortinget, og får tidleg mistillitsvotum mot seg. Trass i parlamentariske spelereglar blir den sitjande.