Unique units in the stats administration (Forvaltning_generert01)

This page is not translated to English

If the information on this page seems important, please contact PolSys



-----------------------------------------

Unike einingar i sentralforvaltninga (Forvaltning_generert01)

Tabellen inneheldt ein post for kvar unike eining som har eksistert i sentraladministrasjonen. "Unik eining" er definert ut frå identitetsnummeret (IDNUM).

Statsforvaltninga-tabellen er brukt for å ta ut informasjon til denne tabellen. Det er synt til denne tabellen for nokre av variablane som er dokumenterte nedanfor.

Unikt einingsnummer (Idnum)

Sjå same variabel under Statsforvaltninga-tabellen.

Unikt postnummer (IDETABL)

Sjå variabel "ID" under Statsforvaltninga-tabellen.

Endringskode ved etablering (Endringskode_etablering)

Endringskoden som vart nytta når eininga vart etablert. Sjå variabelen "Endringskode" under Statsforvaltninga-tabellen.

Endringskode ved opphørt (Endringskode_opphør)

Endringskoden som er nytta i dei tilfelle der eininga er opphørt. Sjå variabelen "Endringskode" under Statsforvaltninga-tabellen.

Kort namn (Kort_namn)

Forkorta versjon av eininga sitt fullstendige namn. I og med at ei unik eining over tid kan inneha fleire namn (namneskifte) er det siste namnet til eininga lagt her.

Langt namn (Langt_namn)

Eininga sitt fullstendige namn. I og med at ei unik eining over tid kan inneha fleire namn (namneskifte) er det siste namnet til eininga lagt her.

Tidspunkt eininga vart etablert (Tidspunkt_etablering)

Dei fleste einingane som har etableringstidspunkt 1.1.47, d v s det same tidspunktet innsamlinga av informasjon starta, har truleg etableringstidspunkt før 1.1.47. Det er så langt som råd, fyrst og fremst for departementa, ført opp korrekte etableringstidspunkt.

Tidspunkt eininga opphørte (Tidspunkt_opphør)

Dei einingane som eksisterer på databasen sitt oppdateringstidspunkt er i dette feltet registrert med dette tidspunktet. Merk at dei fleste av desse einingane i realiteten ikkje er opphørt.