Endring i rapportering (overordna) (Forvaltning_generert04)

Tabellen inneheldt informasjon om kven einingane rapporterer til (overordna). Ved endring av overordna eining er det lagt inn nye postar med informasjon om dette. Talet på postar i tabellen blir difor bestemt av talet på overordna ved etablering og eventuelle endringar seinare.

Statsforvaltninga-tabellen er brukt for å ta ut informasjon til denne tabellen. Det er synt til denne tabellen for nokre av variablane som er dokumenterte nedanfor.

Unikt einingsnummer (idnum)

Sjå same variabel under Statsforvaltninga-tabellen.

Endringskode ved endring i overordna (endringskode)

Endringskoden som vart nytta når einingane endrar overordna. Sjå variabelen "Endringskode" under Statsforvaltninga-tabellen.

Overordna (overordna)

For å visa kva for eining det rapporterast til er IDNUMet til den overordna eininga registrert her. For departementa, det øvste nivået, er talverdien 100 registrert her.

Frå tidspunkt for overordna eining (fra_tidspunkt)

Dei fleste einingane som har etableringstidspunkt 1.1.47, d v s det same tidspunktet innsamlinga av informasjon starta, har truleg etableringstidspunkt før 1.1.47. Det er så langt som råd, fyrst og fremst for departementa, ført opp korrekte etableringstidspunkt.

Til tidspunkt for overordna eining (til_tidspunkt)

Dei einingane som eksisterer på databasen sitt oppdateringstidspunkt er i dette feltet registrert med dette tidspunktet. Merk at dei fleste av desse einingane i realiteten ikkje er opphørt.

Gruppeeining eller eining i gruppe (Grunneining)

Sjå same variabel under Statsforvaltninga-tabellen.

Viser til gruppe einingane inngår i (Grunneining_overordna)

Sjå same variabel under Statsforvaltninga-tabellen.