Endring i tilknytingsform og/eller administrativt nivå (Forvaltning_generert03)

Tabellen inneheldt alle einingane sine tilknytingsformer og administrative nivå. Ved endring av tilknytingsform og/eller administrativt nivå er det lagt inn nye postar med informasjon om dette. Talet på postar i tabellen blir difor bestemt av talet på tilknytingsformer og administrative nivå ved etablering og eventuelle endringar seinare.

Ytterlegare informasjon om tilknytingsformer og administrative nivå finnes i Innhold under Dokumentasjon.

Statsforvaltninga -tabellen er brukt for å ta ut informasjon til denne tabellen. Det er synt til denne tabellen for nokre av variablane som er dokumenterte nedanfor.

Unikt einingsnummer (idnum)

Sjå same variabel under Statsforvaltninga-tabellen.

Endringskode ved endring i tilknytingsform og/eller administrativt nivå (endringskode)

Endringskoden som vart nytta når einingane endrar tilknytingsform og/eller administrativt nivå. Sjå variabelen "Endringskode" under Statsforvaltninga-tabellen.

Tilknytingsform og administrativt nivå (Type_nivå)

Samansett variabel på fire siffer der dei to fyrste syner tilknytingsnivå medan dei to siste syner administrativt nivå.

Ytterlegare informasjon om tilknytingsformer og administrative nivå finnes i Innhold under Dokumentasjon.

Frå tidspunkt for tilknytingsform og/eller administrativt nivå (fra_tidspunkt)

Til tidspunkt for tilknytingsform og/eller administrativt nivå (til_tidspunkt)

Dei einingane som eksisterer på databasen sitt oppdateringstidspunkt er i dette feltet registrert med dette tidspunktet. Merk at dei fleste av desse einingane i realiteten ikkje er opphørt.