Unike namn på einingar i sentralforvaltninga (Forvaltning_generert02)

Tabellen inneheldt ein post for alle namn som har eksistert på einingane i sentraladministrasjonen. Talet på postar i tabellen blir difor bestemt av talet på etableringar og namneendringar.

Statsforvaltninga-tabellen er brukt for å ta ut informasjon til denne tabellen. Det er synt til denne tabellen for nokre av variablane som er dokumenterte nedanfor.

Unikt einingsnummer (idnum)

Sjå same variabel under Statsforvaltninga-tabellen.

Endringskode ved etablering og namneendring (endringskode)

Endringskoden som vart nytta når einingane vert etablert og endrar namn. Sjå variabelen "Endringskode" under Statsforvaltninga-tabellen.

Kort namn (Kort_namn)

Forkorta versjon av eininga sitt fullstendige namn.

Langt namn (Langt_namn)

Eininga sitt fullstendige namn.

Frå tidspunkt for namnet (fra_tidspunkt)

Dei fleste einingane som har etableringstidspunkt 1.1.47, d v s det same tidspunktet innsamlinga av informasjon starta, har truleg etableringstidspunkt før 1.1.47. Det er så langt som råd, fyrst og fremst for departementa, ført opp korrekte etableringstidspunkt.

Til tidspunkt for namnet (til_tidspunkt)

Dei einingane som eksisterer på databasen sitt oppdateringstidspunkt er i dette feltet registrert med dette tidspunktet. Merk at dei fleste av desse einingane i realiteten ikkje er opphørt.