Dette er en utdatert side

Du er nå kommet til en gammel utdatert side. Du kan besøke våre nye sider her.

This is an outdated page

You have reached an old outdated page. Please visit our new pages here.

Arkiv over partihistoriske hendinger

Tidsperiode: 1814-d.d.

Oversyn og tabellar

Datasett

Informasjon om datasett under Arkiv over partihistoriske hendinger

'Datasett' inneholder detaljert informasjon om datagrunnlaget i arkivet. 'Oversikter og tabeller' til venstre er basert på disse datasettene.

Samandrag

Arkivet omfattar politisk-historiske hendingar. Organisasjonsendringar som omfattar partigrenser er òg dokumentert.

Om Arkiv over partihistoriske hendinger

Innhald

Informasjonen består i hovudsak av to delar. I den fyrste er eininga politisk-historiske hending. Etter beste evne er dei viktigaste historiske hendingane i Noreg etter 1814 nedteikna. Det sentrale utvalskriteriet har vore hendingar som omfattar og påverkar politiske institusjonar. Nedteikninga er i stikkordsform, der ein i nokre tilfelle har ein kort tilleggsdokumentasjon. Nedteikningane er meint som ei påminning om hendinga, ikkje å gjera greie for ho i detalj. Den andre delen består av partiorganisatoriske endringar der grensene for partia si verksemd er kartlagt. Døme på slike endringar er utskilling av delar av eit parti til eit nytt parti og samanslåing av parti.

Bakgrunn

Organisatoriske og politiske hendingar kan vera eit interessant tillegg til informasjonen i fleire av arkiva under PolSys. Spesielt har det vore behov for å kartlegge organisatoriske endringar i partia. Til dømes vil informasjon om partisplittingar kunne gje supplerande informasjon om endringar i partisamansetninga på Stortinget. I 1999 vart det difor avgjort at ein skulle strukturere kvalitativ informasjon om hendingar i eit arkiv. I tillegg til partihendingane vart det òg tilrettelagt informasjon om generelle hendingar som er knytt opp mot poliske spørsmål og/eller politiske institusjonar.

Datakvalitet

For dei partia der organisatoriske endringar er dokumentert, har intensjonen vore å få dette så komplett som mogleg.

Med omsyn til politisk-historiske hendingar er det vanskeleg å snakka om å få eit komplett arkiv. Kva som er viktige historiske hendingar blir definert ulikt frå person til person og er i tillegg avhengig av ståstad og tid.

Historiske prosessar er ikkje inkludert: Unionsoppløysinga i 1905 er med som ein post i arkivet, men prosessen, eller årsaker som førte til oppløysinga, er i liten grad med. Tilsvarande er hendingar som er prosessliknande, og som er vanskeleg å identifisera, ikkje med. Eit døme på dette kan vera den økonomiske stagnasjonen nokre år etter den fyrste verdskrigen som etter kvart fekk politiske implikasjonar.

Bruk

Dei politisk-historiske hendingane er meint å nyttast som bakgrunn for annan informasjon under PolSys, men kan òg nyttast som eit sjølvstendig arkiv.

Kjelder

Sjølv om det er blitt brukt politisk litteratur, faktabøker og Internett i registreringsarbeidet av faktahendingane så er dei fleste hendingane av ein slik karakter at dei må seiast å vera allemannseige: Til dømes vil verke vilkårleg å knytte 'Lov om arbeidarvern' av 1892 opp mot ei bestemt kjelde.