11.04.03

Valgerd Svarstad Haugland

KrF med mål og mening for barnehagane

KrF lova å arbeida for full barnehagedekning, ei gradvis nedtrapping av foreldrebetalinga og betre kår for dei private barnehagane. No inviterer vi opposisjonen til samarbeid for å oppnå desse måla.

Full barnehagedekning må ha fyrste prioritet. Samtidig må vi gradvis redusera foreldrebetalinga og sikra økonomien ikkje minst for dei private barnehagane.

Det som er positivt med barnehageavtalen i Stortinget er at vi er einige i hovudmåla for barnehagepolitikken. Men, det er måten dei skal gjennomføra det på som har skapt usemje mellom opposisjonen og regjeringa, og som må virka forvirrande på småbarnsforeldre. Samarbeider vi no om å finna dei beste løysningane kan vi saman byggja opp småbarnsforeldre sin tillit igjen.

Det mest negative i barnehageavtalen er følgjande:

Makspris kan hindra full barnehagedekning

Makspris hjelper bare dei foreldra som alt har vunne i lotteriet. Først fekk dei barnehageplass, så skal dei få han til 1500 kroner.

Vi vil fyrst prioritera å få barnehageplass til alle som ønskjer det. Gradvis vil vi arbeide for å få ned foreldrebetalinga mot 1500 kroner. KrF har sagt at denne foreldrebetalinga bør væra 20 prosent av det ein barnehageplass i gjennomsnitt kostar. Staten bør betala 80 prosent.

Makspris hindrar lokaldemokratiet

Makspris er eit sentralt diktert inntektstak som hindrar at det lokale sjølvstyre får ta ansvar for dekning og mangfald. Regjeringa har tillit til kommunepolitikarane og foreslår at tilskotet til barnehagane skal gå inn i kommuneramma. Kommunen veit best kva behov deira innbyggjarar har og korleis dei kan dekkast.

Samtidig skal det kommunale ansvaret mellom anna sikrast gjennom ei lovfesting av utbyggingsplikta og likeverdig handsaming av offentlege og private barnehageeigarar ved både tilskot og opptak. Ved lokal innflytelse kan mangfaldet i tilbodet sikrast. Vi vil auka, ikkje innsnevra det lokale handlingsrommet.

Barnehageavtalen er usolidarisk og usosial

Det er temmeleg usolidarisk å kutta prisen for dei som har barnehageplass, i staden for fyrst å gi plass til dei mange born i barnehagekø. I tillegg er det svært usosialt av opposisjonen å gi dei som har gratis barnehageplass skattefritak for plassen. At Ap og SV er med på ein barnehageavtale som sikrar at barnehagen blir billigast for dei rikaste, synest eg er oppsiktsvekkande.

For KrF og regjeringa har er fyrste prioritet; barnehageplass til alle som ønskjer det. I tillegg har solidaritet forkjørsrett saman med lokalt sjølvstyre, mangfald og kvalitet. Dette er ikkje berre fine ord, men er no lagt fram i barnehagemeldinga. Den modellen vi foreslår vert støtta av offentlege og uavhengige utgreiingar.

Aldri har nokon regjering satsa så mykje på barnehagar som no. Vi har auka dei økonomiske rammene til barnehageformål med to milliardar i år. Det er det dobbelte av auka frå året før. Hovudproblemet er difor ikkje pengar til barnehageformål. Både regjeringa og stortinget har vist vilje til å betre barnehagesituasjonen. No er det difor på tide å leggja ned våpna, samarbeida og gjera oss fortent til småbarnsforeldre sin tillit gjennom eitt breitt forlik rundt dei beste løysingane i barnehagepolitikken.

Tilbake til innholdsfortegnelsen

 

Kilde: Partidokumentarkivet ved NSD | Vilkår for bruk av data | Utlevering av data