Endringar i sentralforvaltninga (Statsforvaltninga)

Datasettet inneheldt informasjon om organisatoriske endringar for alle departement med underliggjande administrative einingar (kontor, avdelingar, seksjonar m m) og alle ytre etatar og verksemder som er organisert under departementa.

For ytre etatar og verksemder er ikkje underliggjande administrative (avdelingar, kontor m m) kartlagt.

Bestemmande for registrering av informasjon i denne tabellen er at ei organisatorisk endring må omfatta endringar som er definert i feltet Endringskode.

Dei organisatoriske endringane omfattar statlege einingar som er definerte med positive verdiar i feltet Tilknytingsform og for departement, einingar definert i feltet Nivaa.

Dette er hovudtabellen under Forvaltningsdatabasen.

Kartlegginga av einingane og endringane dei har vore utsett for over tid har vore omfattande og komplisert. Det er utført omfattande konsistenssjekkar slik at datakvaliteten for det innlagte materialet skal vera mest mogleg rett. Mest avgjerande for datakvaliteten vert difor kjeldene til opplysningane. Sjå kapitlet om Kjelder under Dokumentasjon.

Unikt postnummer (ID)

Posten (eininga) i tabellen er organisatorisk endring einingane (direktorat, kontor, avdeling o s b ) vert utsett for. For å skilja dei ulike organisatoriske endringane frå kvarandre er det i dette feltet gjeve eit unikt nummer (løpenummer) til kvar post i tabellen.

Unikt einingsnummer (Idnum)

Kvar eining (kontor, avdeling o s b ) får i tabellen tildelt eit unikt identitetsnummer. Når det skjer ei endring av ei eining vert det same nummeret nytta slik at ein kan følgja hendingane til eininga.

Endringskode (Endringskode)

Eininga i databasen er organisatorisk endring. Variabelen Endringskode klassifiserer typar av organisatoriske endringar. Feltet er difor ein svært sentral variabel i tabellen då den er fastsetjande for kva som er registrert i tabellen.

Registrering av verdiar i variablane ENDRINGSNUMMER, OVERORDNA og spesielt RELASJON er avhengig av kva slags Endringskode som vert nytta.

Meir detaljert informasjon om denne variabelen finst under Dokumentasjon.

Koder:

Tidspunkt (Tidspunkt)

Tidspunkt eininga (direktorat, kontor, avdeling o s b) er utsett for ei endring.

Dei fleste av einingane som har etableringstidspunkt 1.1.47 er etablert før dette tidspunktet. Dette fordi innsamlinga av data starta 1.1.47. Det er så langt som råd, fyrst og fremst for departementa, registrert korrekte etableringstidspunkt.

Stadfesta tidspunkt (Bekr_dato)

I hovudsak er kjelda for informasjonen i denne tabellen henta frå dei årlege utgåvene av Statskalenderen. Det er difor tatt som utgangspunkt at organisatoriske endringar har skjedd ved årsskifte. I tilfelle der den ein via kjelder veit det eksakte tidspunktet for ei organisatorisk endringar vert verdien i dette feltet "1".

Samanhøyrande endringar (Endringsnummer)

Endring av ei eining vil i enkelte tilfelle ha samband med med andre einingar: Vert t d ei eining splitta i to nye vil denne bli nedlagt (ein post) og det vil bli nytta to postar for å oppretta dei to nye. For å visa at desse tre postane høyrer saman, er dei tre postane gjeve det same nummeret.

Dette feltet er nytta for endringskodar som er dokumentert i punkt ii) Endringar som involverer fleire einingar er ytterlegare dokumentert under Dokumentasjon i kapitlet Innhald.

Tilknytingsform (Tilknytingsform)

Tilknytingsform kategoriserer dei einingane i hovudnivå (departement, direktorat el l).

Informasjonane i dette feltet må sjåast i samanheng med NIVAA-feltet som gjev informasjon om type administrativ eining (avdeling, kontor o s b).

Tilknytingsform er ytterlegare dokumentert under Dokumentasjon i kapitlet Innhald.

Koder:

Administrativt nivå (Nivaa)

Feltet inneheldt informasjon om det interne administrative nivået (t d kontor, avdeling). Informasjonane i denne variabelen må sjåast i samanheng med TILKNYTINGSFORM-feltet som gjev informasjon om type tilknytingsform (departement, direktorat o s b).

Merk at Forvaltningsdatabasen omfattar interne administrative nivå i departementa, og at kategoriane som er nytta avspeglar dette.

Administrativt nivå er ytterlegare dokumentert under Dokumentasjon i kapitlet Innhald.

Koder:

Relasjon til andre einingar ved organisasjonsendringar (Relasjon)

Dei fleste organisatoriske endringane involverer relasjonar til fleire einingar. T d vil det ved utskiljing av ei ny eining vera behov for å ha informasjon om identitetsnummeret (IDNUM) til den gamle eininga. For den nye eininga vert dette feltet nytta for å registrera informasjon om kvar eininga (IDNUM) eininga vert utskilt frå.

Eksistensen av informasjon i dette feltet er avhengig av kva for type organisatorisk endring (ENDRINGSKODE) ein ser på: Feltet blir alltid nytta ved endringar som involverer fleire einingar og i nokre tilfelle ved flytting av einingar. I Dokumentasjon under drøfting av endringskodar (punkt ii) og iii)) er tilhøve mellom ENDRINGSKODE- og RELASJON-feltet gjort greie for.

Kort namn (Kort_namn)

Forkorta utgåve av det lange namnet. Til bruk i rapportar o l.

Langt namn (Langt_namn)

Det fullstendige namnet til eininga.

For departementa har vi ikkje med "Det kongelige…" i byrjinga på namna.

Overordna eining (Overordna)

Identitetsnummeret (IDNUM) til overordna eining. T d alle nye einingar vil ha ein peikar til det identitetsnummeret (IDNUM) eininga rapporterer til.

For departementa, det øvste nivået, er talverdien 100 ("Statsministerens kontor") nytta i dette feltet.

Teknisk kommentar (Teknisk_kommentar)

I enkelte tilfelle er kodeopplegget for registrering av endringar ikkje tilfredstillande. Slike problem er dokumenterte her.

Diverse dokumentasjon (Div_dok)

Her er kvalitativ tilleggsinformasjon om eininga og om endringar dokumentert.

Gruppeeining eller eining i gruppe (Grunneining)

Når ei eining ikkje eksisterar som eige administrativt nivå, men som ein samlepost for einingar med likestilte oppgåver, nyttast kodane 10, 20 og 30 (0 som siste siffer). Einingar som inngår i gruppe nyttar 11, 21 og 31 (1 som siste siffer).

Koder:

Viser til gruppe (Idnum) einingane inngår i (Grunneining_overordna)

For einingar som inngår i ei gruppe er dette feltete nytta for å registrera Idnum til gruppa eininga inngår i.

Feltet er berre nytta når kodane 11, 21 og 31 er nytta i Grunneining-feltet.

Code referring to the municipality where the unit is located (KommuneNr)

Feltet blir nytta ved etablering av organisatoriske einingar (100-serien av ENDRINGSKODE) og når eininga flyttast til ein annan kommune (ENDRINGSKODE=209).

Etatar, gruppeeining under departement og gruppeeining under etat (kodane 10, 20 og 30 på GRUNNEINING-variabelen) blir ikkje etablert med kommunenummer.

Koder:

Stadavhengig organisatorisk eining (Flyttbar)

Einingar som har lokaldefinerte oppgåver er på denne variabelen koda som ikkje flyttbar (2), medan einingar som kan flyttast er koda som flyttbar (1). T d Universitetet i Bergen har ein klar forankring i Bergen og kan ikkje flyttast til Lillehammer. Datatilsynet t d vil få koden for flyttbar då den kan flyttast frå Oslo og til andre plassar i landet.

Variabelen bør berre nyttast for statistiske formål: Mange av einingane kan truleg plasserast i begge kategoriane.

Alle departementa med underordna einingar har blitt koda med lokalisering til Oslo og som ikkje flyttbar.