Hierarkisk organisering av sentraladministrasjonen (Forvaltning_generert08)

Tabellen inneheldt informasjon om hierarkisk organisering av sentraladministrasjonen for heile tidsperioden. Teknisk er dette gjort ved at det for kvar gang det har skjedd ei endring i sentraladministrasjonen er laga ein komplett oversikt over den hierarkiske strukturen for heile sentraladministrasjonen. Denne strukturen har så vore gjeldande til neste endring. Talet på postar i tabellen blir difor stort og bestemt av talet på eksisterande einingar for alle tidspunkta det har skjedd ein endring på. .

Statsforvaltninga-tabellen er brukt for å ta ut informasjon til denne tabellen. Det er synt til denne tabellen for nokre av variablane som er dokumenterte nedanfor.

Unikt einingsnummer (idnum)

Sjå same variabel under Statsforvaltninga-tabellen.

Overordna (overordna)

For å visa kva for eining det rapporterast til er IDNUMet til den overordna eininga registrert her. For departementa, det øvste nivået, er talverdien 100 registrert her.

Overordna departement (O_1000)

Viser kva for departements-IDNUM einingane (til ein kvar tid) rapporterer til.

Direktorat og andre hovudeiningar er òg registrert med overordna departement.

Overordna eining for andre enn departement (O_andre)

Dersom einingane rapporterer til andre hovudeiningar (TILKNYTINGSFORM) enn departement er IDNUMet til hovudeininga registrert her.

Innhaldet i dette feltet er feil og vil verta rette opp seinare.

Etableringstidspunkt for eininga (fra_tidspunkt)

Dei fleste einingane som har etableringstidspunkt 1.1.47, d v s det same tidspunktet innsamlinga av informasjon starta, har truleg etableringstidspunkt før 1.1.47. Det er så langt som råd, fyrst og fremst for departementa, ført opp korrekte etableringstidspunkt.

Opphørstidspunkt for eininga (til_tidspunkt)

Dei einingane som eksisterer på databasen sitt oppdateringstidspunkt er i dette feltet registrert med dette tidspunktet. Merk at dei fleste av desse einingane i realiteten ikkje er opphørt.

Startdato for eksisterande organisasjonsstruktur (endringstidspunkt)

Dei fleste einingane som har etableringstidspunkt 1.1.47, d v s det same tidspunktet innsamlinga av informasjon starta, har truleg etableringstidspunkt før 1.1.47. Det er så langt som råd, fyrst og fremst for departementa, ført opp korrekte etableringstidspunkt.

Sluttdato for eksisterande organisasjonsstruktur (endringstidspunktslutt)

Hierarkisk sorteringsvariabel (sort)

For å få ut hierarkiske rapportar der einingane øvst i ei hierarkigrein kjem fyrst er denne variabelen laga. Ved å sortera på ENDRINGSTIDSPUNKT og denne variabelen vil ein få ut hierarkiske lister over sentraladministrasjonen.

Tilknytingsform og administrativt nivå (Type_nivå)

Samansett variabel på fire siffer der dei to fyrste syner tilknytingsnivå medan dei to siste syner administrativt nivå.

Ytterlegare informasjon om tilknytingsformer og administrative nivå finnes i Innhold under Dokumentasjon

Kort namn (Kort_namn)

Forkorta versjon av eininga sitt fullstendige namn.

Langt namn (Langt_namn)

Eininga sitt fullstendige namn.

Tilknytingsform (Type)

Tilknytingsform kategoriserer dei einingane i hovudnivå (departement, direktorat el l).

Informasjonen i dette feltet må sjåast i samanheng med NIVAA-feltet som gjev informasjon om type administrativ eining (avdeling, kontor o s b).

Ytterlegare informasjon om tilknytingsformer finnes i Innhold under Dokumentasjon

Administrativt nivå (Nivå)

Feltet inneheldt informasjon om det interne administrative nivået (t d kontor, avdeling). Informasjonane i denne variabelen må sjåast i samanheng med TILKNYTINGSFORM-feltet som gjev informasjon om type tilknytingsform (departement, direktorat o s b).

Ytterlegare informasjon administrative nivå finnes i Innhold under Dokumentasjon

Gruppeeining eller eining i gruppe (Grunneining)

Sjå same variabel under Statsforvaltninga-tabellen.

Viser til gruppe einingane inngår i (Grunneining_overordna)

Sjå same variabel under Statsforvaltninga-tabellen.