Dette er en utdatert side

Du er nå kommet til en gammel utdatert side. Du kan besøke våre nye sider her.

This is an outdated page

You have reached an old outdated page. Please visit our new pages here.

Forvaltningsdatabasen

Tidsperiode: 1947-d.d.

Datasett

Informasjon om datasett under Forvaltningsdatabasen

'Datasett' inneholder detaljert informasjon om datagrunnlaget i arkivet. 'Oversikter og tabeller' til venstre er basert på disse datasettene.

Spesielle merknader til datasettene under Forvaltningsdatabasen:

Datasettet Endringar i sentralforvaltninga (Statsforvaltninga) er det opprinnelege registreringsdatasettet for Forvaltningsdatabasen. Dei resterande datasetta er utleda frå denne for å få datasett som er tilpassa analyse og datauttak.

Samandrag

Forvaltningsdatabasen er ei kartlegging av departement og ytre etatar etter 1947.

Informasjonen er tilrettelagt slik at ein kan få ut oversyn over den hierarkiske organiseringa og korleis denne har endra seg over tid.

Om Forvaltningsdatabasen

Innhald

Einingar i databasen

Undersøkingsobjektet i forvaltningsdatabasen er statlege einingar. Døme på statlege einingar er departement, direktorat, avdeling, kontor osb. For å klassifisera einingane skil vi mellom sjølve verksemdsnivået og dei interne administrative nivå innafor verksemdene. Statlege verksemdene er kjenneteikna ved at dei er statlege forvaltningsgreiner med eit avgrensa arbeidsområde. Døme på verksemdsnivå er departement og direktorat, medan kontor og avdelingar er døme på interne administrative nivå. For å få med relasjonane mellom einingane er det for kvar eining gitt informasjon om kven som er administrativt overordna. Dei tre informasjonane (variablane) verksemdsnivå, administrativt nivå og administrativt overordna vil for eit gjevne tidspunkt plassera dei enkelte einingane eintydig på eit organisasjonskart

Databasen omfattar alle departement med undereiningar (kontor, avdelingar, seksjonar m.m.) og alle ytre etatar og verksemder som er organisert under departementa. For ytre etatar og verksemder er ikkje interne administrativ nivå med i databasen.

I tillegg til at databasen skal vera eit reiskap for å teikna organisasjonskart for ulike tidspunkt har det vore eit mål at framveksten av nye organisasjonsformer skulle kartleggjast. For å få dette til er det laga eit predefinert kodeskjema for organisatoriske endringar. Einingar vert "fødd" gjennom opprettingar og "døyr" ved at dei opphøyrar, men i ein slik database vil det òg vera interessant å kartleggja endringar i allereie eksisterande einingar som skjer gjennom flytting, splitting, samanslåing o s b.

Databasen omfattar statlege einingar som har eksisterte på eit eller anna tidspunkt etter 1.1.1947. Når etableringstidspunktet er før 1.1.1947 er eininga registrert med dette tidspunktet. For einingar der vi ikkje kjenner til etableringstidspunktet for einingar som eksisterte i 1947 er etableringstidspunktet satt til 1.1.1947, men då med ein eigen etableringskode som skil seg frå den som er nytta når etableringsdatoen er kjent. Merk at organisasjonshistorien for einingar som er registrert med etableringstidspunkt før 1.1.1947 ikkje er kopmplett mellom etableringstidspunktet og 1.1.1947.

For alle nye einingar er det lagt inn informasjon om verksemdsnivå, administrativt nivå og overordna eining. For kvar organisatorisk endring som skjer etter 1.1.1947, er det lagt inn ein ny post i databasen som viser kva som har skjedd; er ei avdeling flytta frå Finansdepartementet til Landbruksdepartementet er det lagt inn ein post om dette. For at det skal vera mogleg å finna ut kvar avdelinga vert flytta frå er det i tillegg på denne posten lagt inn informasjon om at avdelinga er flytta frå Finansdepartementet (at eininga vert flytta til Landbruksdepartementet kjem fram i informasjonen om blir registrert om overordna eining).

Databasen omfattar unike statlege einingar. Desse einingane har vore gjennomgått svært mange organisatoriske endringar. Eininga i databasen i meininga post eller record, omfattar fleire tusen einingar - der den dataanalytiske eininga altså er organisatorisk endring. I framstillinga nyttast eining om undersøkingsobjekta, t.d. kontor, avdeling, departement og omgrepet post når vi snakkar om den dataanalytiske eininga. Som oftast vil det gå naturleg fram av framstillinga kva ein omtalar.

Som det vart gjort greie for ovanfor er dei statlege einingane klassifisert ved hjelp av to variablar:

  1. Verksemdsnivå (t.d. departement, direktorat, statsbank) som fortel kva det vert arbeidd med.
  2. Internt administrativt nivå (t.d. avdeling, seksjon, kontor) som gjer plass i ein organisatorisk struktur

For å få avgrensa dei ulike verksemdsnivåa i statsapparatet, har vi nytta omgrepet tilknytingsform slik definisjonen kjem fram i NOU 1989: 5 En bedre organisert stat:

"Med tilknytningsform forstår en …..den måten en statlig virksomhet er forankret til den utøvende statsmakt på, det vil si til regjering og departement."

Definisjonen fokuserer på de rettslege tilknytingar mellom staten og dei enkelte verksemdene og korleis den enkelte verksemdene innrettar organisasjon og drift.

Einingar er definert inn i databasen ut frå definisjonen over; har t d ei forvaltningsbedrift ein eller annan gong etter 1947 rapportert til eit departement er den lagt inn i databasen. Ut frå at vi ønskjer å få ei komplett endringshistorie for einingar som er definert inn i databasen må vi utvida definisjonen av tilknytingsform noko; dersom ei forvaltningsbedrift blir privatisert – er dette definert som at bedrifta går over i privat sektor og vi gir denne bedrifta privat sektor som tilknytingsform.

Følgjande kategoriar er nytta for å dela einingane i tilknytingsformer:

-1400 Frivillig sektor
-1300 Privat sektor
-1200 Kommune
-1100 Fylkeskommune
-600 Storting
-500 Regjering
10 Departement
15 Etat
20 Sentraladministrative organ (direktorat m m)
31 Forvaltningsorgan med særskilde fullmakter
32 Forvaltningsbedrift
33 Andre ordinære forvaltningsorgan
41 Heileigde statsakselskap
42 Særlovselskap
43 Statsføretak
44 Statsselskap organisert etter 1965-lova
45 Statsaksjeselskap (deleigd; majoritet)
46 Helseforetak
50 Statstilknytt stifting (sentralstifting)
51 Statstilknytt stifting (randsonestifting)

Merk at databasen med nokre få unntak omfattar alle hovudeiningar med positive verdiar på tilknytingsform. Unntaket er nokre frittståande einingar som har klage- og kontrolloppgåver over statlege organ, men som ikkje er underlagt noko departement. Riksrevisjonen er døme på eit av dei frittståande organa. Desse har fått –600, Stortinget, som tilknytingsform.

Vi har til no i hovudsak gjort greie for verksemdsnivået eller tilknytingsform som er det formelle utrykket vi nyttar. For verksemdsnivået, departement, har vi gått vidare enn å berre kartlegga verksemdsnivået (sjølve departementa) – vi har kartlagt dei enkelte einingane innafor departement: Administrativt nivå. Einingar heilt ned på kontornivå innafor departement er kartlagt. Å gå så langt ned i den administrative strukturen er nødvendig dersom ein skal kunne seia noko om organisering, og spesielt dersom organisatoriske endringar over tid skal analyserast. Ser vi t d på avdelingane under Finansdepartementet, kan dette illustrerast ved at det per 1997 for 3 av dei 5 avdelingane som eksisterte i 1947, ikkje har vore noko form for endring med sjølve avdelingseiningane i heile etterkrigsperioden. Ser vi på kva som har skjedd internt på avdelingsnivået, d v s gå lenger ned i strukturen til seksjon- og kontornivå, vil ein kunne sjå at dei tre avdelingane har vore utsett for mange endringar.

Vi har nytta følgjande kodar for å klassifisera dei administrative nivå ei organisatorisk eining i departementa kan ha:

00 "Høgste nivå"
05 Direktorat i dobbeltstilling
10 Avdeling
15 Avdeling i direktorat i dobbeltstilling
20 "Kvasiavdeling"
30 Seksjon
40 "Kvasiseksjon"
50 Kontor
55 Kontor i direktorat i dobbeltstilling
60 "Kvasikontor"
70 Sekretariat
80 Gruppe
90 Stabsorgan

For informasjon om kva som inngår i dei ulike administrative kategoriane sjå dokumentasjon av variabelen Nivaa i tabellen Statsforvaltninga.

”Høgste nivå” (kode 00) blir brukt for klassifisera verksemder med administrativt nivå; t d vil Finansdepartementet på verksemdsnivå bli kode med 00 på administrativt nivå.

Dei to variablane, tilknytingsform og administrativt nivå , er viktig å sjå i samanheng og kan samanliknast med posisjonar på eit kart: Dersom det skjer ei endring med minst ein av dei to variablane vil dette medføra at eininga endrar plass (flyttar) i organisasjonen. Døme på bruk:

Etatar og grupper

I oversyn over verksemder i statsforvaltninga er ofte organ med likestilte oppgåver samla under eit omgrep (post). T d er dei enkelte høgskulane samla i omgrepet Statlege høgskular trass i at det ikkje finst noko administrativt nivå som heiter dette og der dei enkelte høgskulane rapporterar direkte til departement. Som i oversyna over verksemder i statsforvaltninga har ein i forvaltningsdatabasen registrert slike grupper som sjølvstendige einingar.

Etatar er gruppert på liknande vis. Oversyna viser kva som inngår i etaten: Som oftast omfattast ein etat av ei nasjonal eining (direktorat med etatsleiing) med underliggjande einingar (regionale/lokale einingar).

Gruppeeining er ut frå dette ein samlenemning for organisasjonar med meir eller mindre likestilte oppgåver. Einingar som inngår i gruppe er dei substansielle einingane som inngår i gruppa.

Merk at alle grupper er registrert i databasen, men at enkelteiningar som inngår i gruppe under departement og under etat er kartlagt på to ulike måtar:

Døme:

Val: Døme:
Gruppeeining under departement Statlege høgskular
Einingar som inngår i gruppe under departement Dei enkelte høgskulane
Gruppeeining under etat Fylkesarbeids-
kontora
Einingar som inngår i gruppe under etat Dei enkelte fylkesarbeids-
kontor

I tillegg er lokale avdelingar / satelittar registrert i egen tabell. Dette er einingar som høyrer inn under ei hovudeining, men som er organisert som ein avdeling lokalisert ein annan stad. Endringshistorie er ikkje kartlagt men informasjon om lokalisering og overordna er registrert. Dømer på slike einingar kan vera Avdeling Mo i Rana ved Høgskolen i Bodø.

Det er to årsaker til at grupper og etatar er innarbeidd i Forvaltningsdatabasen. For det fyrste vil ein ha rapporter som syner organiseringa av forvaltninga som mest mogleg lik det som er vanleg i andre oversyn. Den andre og viktigaste årsaka er at databasen skal vera utgangspunkt for vidare innsamling av informasjon om einingane som inngår: For grupper vil det ofte vera tilgjengeleg informasjon om t d talet på tilsette for gruppa samla, medan informasjonen vil mangla for enkelteiningar. Ved at gruppe- eller etatseininga eksisterer i databasen vil ein kunne nytta denne til å leggja inn informasjon i.

Informasjon om at eininga er ei gruppe eller etat er lagt i variabelane Grunneining og Grunneining_overordna . Sjå datasettet Statsforvaltninga for fullstendig dokumentasjon.

Informasjon om einingane

Formålet med databasen er å kunna kartleggja organisasjonsformer i staten og kva for alternative organisasjonsformer som faktisk har vore nytta på ulike område og på ulike tidspunkt. Databasen skal òg kunne gje informasjon om framveksten av organisasjonsformene.

Eit anna viktig formål med databasen er at den skal verka akkumulerande; til no har forsking om forvaltninga vore ad hoc prega ved at innsamling av data har vore konsentrert rundt avgrensa problemstillingar. Ved at ein no har kartlagt kva for einingar som har eksistert på ulike tidspunkt, vil det vera mogleg på ein ryddig måte å leggja til ny informasjon om einingane. Sjå vedlegget om Vidare utvikling av Forvaltningsdatabasedatabasen for planane vidare.

For å oppnå måla med Forvaltningsdatabasen, er det tilrettelagt følgjande informasjon:

Som vi var inne på i kapittelet framfor er den dataanalytiske eininga organisatorisk endring. Organisatorisk endring kan vera splitting, nytt namn, opphør o s b for dei enkelte einingane. Denne variabelen vert difor ein svært viktig variabel i datasettet. I tillegg til at den vil vera avgjerande for talet på postar vil den òg vera avgjerande for kva for informasjon som finst på dei andre variablane i datasettet. Under er eit oversyn over alle variablane saman med informasjon om når dei er fylt ut.

Sjå Statsforvaltninga-tabellen for ein fullstendig dokumentasjon av variablane.

Kort variabelnamn Langt variabelnamn Når er det registrert infomasjon? Kommentar
ID Unikt postnummer Alltid  
IDNUM Unikt identifiserings- nummer til den organisatoriske eininga Alltid  
ENDRINGSKODE Type organisatorisk endring Alltid Sjå dokumentasjon under
TIDSPUNKT Tidspunkt for organisatorisk endring Alltid  
BEKR_DATO Om tidspunktet i variabelen TIDSPUNKT er stadfesta Alltid  
ENDRINGSNUMMER Eit nummer som syner kva for org. endringar som høyrer saman Avhengig av verdien på endringskoden  
TILKNYTINGSFORM Kva for tilknytingsform eininga har Avhengig av verdien på endringskoden Dokumentert ovanfor
NIVAA Det administrative nivået eininga er på Avhengig av verdien på endringskoden Dokumentert ovanfor
RELASJON Relasjon (IDNUM) til andre organisatoriske einingar ved organisatorisk endring Avhengig av verdien på endringskoden  
KORT_NAMN Forkorta namn Avhengig av verdien på endringskoden  
LANGT_NAMN Langt namn Avhengig av verdien på endringskoden  
OVERORDNA IDNUM som den organisatoriske eininga rapporterer til Avhengig av verdien på endringskoden  
TEKNISK_KOMMENTAR Tekniske problem med kodeopplegget Etter behov  
DIV_DOK Anna kvalitativ informasjon om einingane Etter behov  
GRUNNEINING Viser om eininga tilhøyrer ei gruppe av einingar Etter behov  
GRUNNEINING_ OVERORDNA Viser til kva for eining (IDNUM)ei "gruppe"-eining tilhøyrer Etter behov  
KOMMUNENR Viser eininga sin lokaliserings- kommune (kommunenummer). I hovudsak for 100-serien av endringskodane (etableringar) og når eininga blir flytta til ein annan kommune (endringskode = 209).  
FLYTTBAR Viser om eininga har lokal forankring eller er flyttbar. Blir nytta når den førre variabelen, KOMMUNENR, blir nytta.  

Datasettet Endringar i sentralforvaltninga dokumenterar dei enekelte variablane ytterlegare.

Vi vil no gå gjennom dei ulike former for organisatoriske endringar og kodar som er nytta for desse.

Som utgangspunkt for å klassifisera organisatoriske endringar vert det lagt vekt på tre forhold som samfunnsvitneskapleg teori og empiriske arbeid ofte er opptatt av: Årsaker til at fenomen oppstår , blir vedlikehaldne eller brotne ned over tid. Vi opererer difor med tre hovudgrupper av organisatorisk endringar:

1. Nye einingar

Døme:

2. Einingar som består

Døme:

3. Einingar som opphøyrar

Døme:

Grunnlaget for å klassifisera er status etter endring. T d vil ei organisatorisk eining som vert nedlagt gjennom innlemming i ei eksisterande eining i enkelte samanhengar måtte tolkast som at eininga (eller saksfeltet) består gjennom ei anna eining. Dei tre hovudgruppene behandlar altså dei organisatoriske einingane som sjølvstendige einingar når type endring (hovudgruppe) vert bestemt.

Dei fleste organisatoriske endringar som skjer med ei eining påverkar òg statusen til andre einingar; t.d. vil ei eining som vert nedlagt gjennom innlemming verta koda med hovudgruppe 3, medan eininga som lever vidare vert koda under hovudgruppe 2. Det vil i datasettet bli registert ein post for kvar av desse hendingane. Datasettet kan sjåast på som ei loggbok der alle hendingar som skjer med einingane vert registrert.

I og med at mange av endringsprosessane heng saman i eit slags "dobbelt bokhald", har vi i oversikta over endringskodane gruppert desse saman.

Sjå Statsforvaltninga-tabellen for ein fullstendig dokumentasjon Endringskode-variabelen.

i) Reine organisatoriske endringar

Dette er endringar som ikkje påverkar organisatorisk status til eksisterande organisatoriske einingar:

101 Nyoppretting
310 Nedlegging

ii) Endringar som involverer fleire einingar

Dette er endringar der fleire organisatoriske einingar er involverte i same prosessen. T d vil ei utskiljing av ei ny eining frå ei anna involvere to einingar; det medfører at det må leggjast inn informasjon for den nye eininga, samstundes som informasjonen for den som ga frå seg ein bit må oppdaterast.

Merk at for alle fleireiningsendringar under ii) er det tilrettelagt informasjon på RELASJON-variabelen. Variabelen inneheldt identifikasjonsnummeret (IDNUM) til den involverte eininga: Når ei eining vert skilt ut frå ei anna finst det her informasjon om kven eininga vart skilt frå.

Vi har fire slike endringsprosessar der fleire enn ei eining er involvert:

UTSKILJING-prosessen:

102 Ny via utskiljing
202 Består via utskiljing


Utskiljing

Prosessen er kjenneteikna ved at ei eining C vert skild ut (102) frå ei eksisterande eining A, der A held fram (202) som sjølvstendig eining. Vi får altså ei eining som er ny (C) og ei eining som består (A) etter at endringane er gjennomførte.

INNLEMMING-prosessen:

203 Består via innlemming
303 Nedlagt via innlemming


Innlemming

Prosessen er kjenneteikna med at ei eining B vert innlemma i ei anna eining A. Eining B opphøyrar (303), medan A består (203) etter endringsprosessen. Det vert ikkje etablert noko ny eining i denne prosessen.

SPLITTING-prosessen

104 Ny via splitting
304 Nedlagt via splitting til nye organisatoriske einingar


Splitting

Ei eining A vert splitta i to (eller fleire) einingar B og C. Eining A opphøyrer (304) via splitting, medan B og C vert nyetablerte (104).

SAMANSLÅING-prosessen

106 Ny via samanslåing
306 Nedlagt via samanslåing


Samanslåing

Når to (eller fleire) einingar vert slått saman til ei ny eining nyttar vi omgrepet samanslåing. To einingar, A og B, opphøyrar gjennom samanslåing (306) til den nye eininga D. Den nye eininga D blir koda som ny via samanslåing (106).

iii) Flytting

Når ei eining endrar relativ plassering i ein organisasjon har vi ei flytting.

Endring i relativ plassering i ein organisasjon kan skje på to måtar:

  1. Gjennom direkte flytting: Eininga endrar plassering i organisasjonen utan at det (isolert sett) skjer noko med dei involverte einingane rundt den som blir flytta. Når ei eining t d endrar overordna frå eit departement til eit anna skjer det ikkje noko organisatorisk med sjølve departementa men med den flytta eininga som få ny overordna. Eininga som blir flytta er sjølv med på å endra organisasjonen (organisasjonskartet).
  2. Gjennom indirekte flytting: Einingane rundt den som blir ”flytta” endrar sitt forhold til den ”flytta” eininga og ikkje eininga sjølv. T d når eit departement blir nedlagt gjennom splitting og alle underordna einingar blir ”flytta” (omfordelte) til dei nye departementa; dei omfordelte einingane får ny overordna gjennom endringar eininga sjølv ikkje var ein del av. Dei omfordelte einingane er ikkje sjølve med på å endra organisasjonen (organisasjonskartet).

Meir spesifikt har vi ei flytting når ei eining endrar overordna (OVERORDNA) eller når ei eining endrar tilknytingsform og/eller administrativt nivå (TILKNYTINGSFORM/NIVÅ).

Dei to (tre) variablane OVERORDNA og TILKNYTINGSFORM/NIVÅ som er med og konstituerer ulike former for flytting er satt opp i oversynet under og kryssa av når dei skal nyttast. I tillegg er endringskodane dokumentert med type flytting, forklaring og døme på flytting.

Endringskode (Flyttekodar) Over- ordna Tilk- nyting og/ eller adm. nivå Type flytting Forklaring til dei enkelte endringskodane Døme på flytting
221
Horisontal flytting
X   Direkte flytting Når ei eining rapporterar til ein ny overordna utan at eininga sjølv endrar tilknytingsform og/eller administrativt nivå har vi ei horisontal flytting. 1.1.2001 blei Datatilsynet flytta frå JPD til AAD. Datatilsynet forsette som direktorat.
222
Vertikal flytting (omdanning)
  X Direkte flytting Når ei eining endrar tilknytingsform og/eller administrativt nivå har vi ei vertikal flytting. Omgrepa omdanning og endring i tilknytingsform blir òg nytta om denne forma for flytting. 30.4.1997 endra NRK tilknytingsform (omdanna) frå stifting til heileigd statsaksjeselskap. Overordna var forsatt Kulturdepartementet.
223
Horisontal- og vertikal flytting
X X Direkte flytting Når ei eining rapporterar til ny overordna og samstundes endrar tilknytingsform og/eller administrativt nivå har vi ei horisontal- og vertikal flytting.

Denne forma for flytting er ein kombinasjon av 221 Horisontal endring og 222 Vertikal endring.

1.1.1991 endra Statens informasjonsteneste overordna frå BFD til AAD samtidig som eininga blei endra frå avdeling i Barne- og familiedepartementet til direktorat under AAD. Merk at horisontale og vertikale flyttingar fyrst og fremst er ei hending som skjer med interne administrative einingar.
291
Omfordelt flytting
X   Indirekte flytting Når ei eining får ny overordna utan at tilknytingsform og/eller administrativt nivå blir endra samstundes med at den førre overordna blir nedlagt, har vi ei omfordelt flytting. 1.1.2002 vart Statens strålevern lagt inn under Helsedepartementet som følgje av at Statens stråleverns tidlegare overordna, Sosial- og helsedepartementet, vart nedlagt og splitta i Helsedepartementet (og Sosialdepartementet).
292
Tom einings flytting
    Indirekte flytting Når ei eining flyttar inn under ein etat, gruppeeining under etat eller gruppeeining under departement har ein ei tom einings flytting.

Etat, gruppeeining under etat eller gruppeeining under departement er einingar som er "tomme" dvs at dei ikkje i seg sjølv har organisatoriske ressursar. Ingen einingar rapporterar til "tomme" einingar. Det er difor ingen endring i overordna (eller i tilknytingsform/nivå) for eininga som flyttar. For ytterlegare informasjon om "tomme" einingar sjå Innhald under Dokumentasjon.

1.1.2001 vart ØKOKRIM lagt inn under Politi- og lensmannsetaten. Både før og etter denne dato er overordna eining Justisdepartementet.
213
Nyrapportering
X   Indirekte flytting Kode 213, nyrapportering, er nytta i tilfelle der det vert oppretta ei ny eining mellom to einingar. I slike tilfelle vil eininga som er lågast i hierarkiet få ein ny overordna. Denne endringskoden er då nytta for å visa at den lågaste eininga i hierarkiet har fått ein ny rapporteringsveg. 1.1.1988 endra Juridisk kontor overordna til Seksjon for forhandlinger og juridiske spørsmål, som er ei eining som vart organisatorisk plassert mellom Juridisk kontor og eininga Juridisk kontor tidlegare rapporterte til, Forhandling- og planavdeling. For Juridisk kontor var det inga endring i administrativt nivå.

På OVERORNA-variabelen blir identitetsnummeret til den nye overordna eininga registrert medan den førre overordna blir registrert på RELASJONS-variabelen. Når OVERORNDA-variabelen blir fylt ut skal altså alltid RELASJONS-variablen òg fyllast ut. Eventuelle endringar i TILKNYTINGSFORM og NIVÅ blir registrert på desse variablane.

Merk at når t d ein avdeling i eit departement blir flytta til eit anna departement vil berre avdelinga få registrert horisontal flytting (221) og ikkje dei underliggjande kontor og seksjonar: Kontora og seksjonane har ikkje endra overordna.

iv) Kosmetiske endringar

207 Består via namneendring
Namneendring vil truleg i mange tilfelle implisera interne organisatoriske endringar (nye oppgåver, verkefelt m.m). Det er ikkje tilrettelagt endringskodar som går på interne organisasjonsendringar.

209 Fysisk omlokalisering
Denne endringskoden blir brukt når ein eining fysisk flyttar frå ein kommune til ein annan. I variabelen KOMMUNENR finst informasjon om den nye kommunen. I utgangspunktet blir alle einingane etablert med ein kommune (100-serien av endringskodane).

v) Omorganisering

111 Ny eining som følgje av større omorganisering
211 Eining som består gjennom større omorganisering
311 Eining som opphøyrar som følgje av større omorganisering

I enkelte tilfelle er det vanskeleg å koda eksakt kva som har skjedd med dei enkelte organisatoriske einingane. Omorganisering av ei gruppe organisatoriske einingar kan ha skjedd med utgangspunkt i ei heilt ny funksjonsinndeling, der nokre einingar overlever, medan andre vert nedlagt.

Så langt som mogleg har ein unngått å nytta desse endringskodane.

vi) Inn- og utskrivingar

112 Nyinnskriven
312 Nedlagt med utskriving

Ovanfor har vi gjort greie for at databasen omfattar einingar som eksisterterte etter 1.1.1947 og at einingane er tilknyta departement (positive verdiar på Tilknytingsvariabelen).

Koden 112, nyinnskriven, er ein modifisert variant av 101, nyoppretting: For einingar ein vil oppretta i databasen, men der ein ikkje kjenner til etableringstidspunktet og forhistorie er kode 112 nyinnskriving, nytta.

112-koden er spesialt nytta i samband med starttidpunktet for databasen; mange einingar er nyinnskriven ved hjelp av 112-koden 1.1.1947, då etableringstidspunkt og forhistorie er ukjent. I dei tilfelle der ein likevel kjenner til etableringstidspunkt er 101 koden nytta saman med det rette tidspunktet.

Kode 312 er ein modifisert variant av 310: Når ei einig ikkje lengre har tilknyting til eit departement d v s ikkje lengre har positiv verdi på Tilknytingsformvariabelen nyttast denne koden. 312-koden blir nytta for å markera at eininga er gått ut av staten, og at databasen ikkje lengre følgjer opp endringshistoria for eininga.

Både 112- og 312 koden er kodar av meir teknisk art. Forvaltningsdatabasen er avgrensa i tid (etter 1.1.1947) og rom (positive verdiar på tilknytingsformer) . For å få einingar inn og ut over grensene som er definert for databasen nyttar vi 112- og 312 kodane.

Bakgrunn

Bakgrunnen for oppstart av dette prosjektet var eit behov for kartlegging av organisasjonsformer og ressursar i staten. Initiativet vart teke av professor Paul G. Roness saman med professor Per Lægreid og professor Johan P. Olsen. Det var brei semje om at ei slik kartlegging ville utgjera eit viktig kunnskapsgrunnlag for forvaltningspolitikken og forvaltningsforskinga. Både arbeidet med fornying og omstilling av offentleg sektor og forskinga om dette reformarbeidet føreset at det finst oversyn over alternative organisasjonsformer og erfaringar med bruken av dei. Prosjektet var meint å bøte på mangelen på relevant informasjon om organisering og verkemåte til statlege verksembder. Slik informasjon var nokså spreidd og lite tilgjengelig. Siktemålet med databasen var å samla og systematisera denne informasjonen, og å gjera det lett for praktikarar og forskarar å få tak i den.

Hovuddelen av arbeidet med innsamlinga av data i Forvaltningsdatabasen låg frå oppstarten omlag 1995 og fram til 2002 ved LOS-senteret, sidan ved ved Rokkansenteret, Universitetet i Bergen frå 2002 - 2006. Frå 2006 er dette arbeidet lagt til NSD. Organisering og tilrettelegging av data for analyse har heilt frå oppstarten lagt ved NSD.

Dei første åra var prosjektet finansiert med midlar frå Norges forskningsråd. På tampen av 1990-talet vart finansieringa overteke av departementet (Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Moderniseringsdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet). Frå 2008/2009 er det Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) - tidlegare Statskonsult - som er primær samarbeidspartnar.

Datakvalitet

I hovudkjelda, Statskalenderen, finst det ikkje informasjon om tidspunkt for organisatoriske endringar. Som ein følgje av dette vert tidspunkta for organisatoriske endringar lagt til årsskifte. I variabelen BEKR_DATO finst informasjon om datoen i TIDSPUNKT er stadfesta eller ikkje.

Tar ein utgangspunkt i at Statskalenderen representerer ein "fasit", er datakvaliteten i databasen svær bra. Det er utført korrektur og konsistenssjekkar som skal sikre at det innlagte materialet er korrekt. Det er difor informasjonsinnhaldet i sjølve kjeldene som avgjer datakvaliteten på det ein får ut igjen av databasen. Det er ikkje utført noko brei analyse på kor gode kjeldene er. Men vi ser og at ulike kjelder kan gje ulik informasjon om einingane.

Intensjonen har vore å visa "den faktiske" organisering av einingane; det vil difor vera viktig at vi mottar informasjon om feil på det tilrettelagde materialet.

Som vi har gjort greie for tidlegare er organisatorisk endring (ENDRINGSKODE) ein av dei viktigaste informasjonane som er tilrettelagt i databasen. Ein del av endringskodane kan tolkast svært likt. Eit døme på dette har vi t d der ei eining blir splitta i to nye (SPLITTING) og der vi har utskiljing av ei ny eining frå ei eksisterande eining (UTSKILJING). Sjå figur 3.1 og 3.3. Begge desse kodane vil representera framvekst av nye organisatoriske einingar, der valet av endringskode skjer ut frå om den eksisterande eininga A endrar namn eller ikkje. Bruken/tolking av endringskoden for "Namneendring" vil altså vera avgjerande for framveksten av nye organisatoriske einingar.

Dømet kan òg illustrera at val av endringskode ved innelegging av data kan vera avgjerande for tolkingane som kjem ut av materialet.

Bruk

Målet med databasen er å dokumentera status og framvekst av organisasjonsformer for ulike deler av sentraladministrasjonen. Dette kan skje gjennom utlistingar av dei organisatoriske einingane (rapportar) eller ved oppteljingar (statistikk). I tillegg kan ein laga dynamiske oversyn. Vi kan summera opp uttaka slik:

  Rapportar Statistisk analyse
Statistiske
oversyn
  • Hierarkiske oversyn over enkeltdepartement på gjevne tidspunkt
  • Oversyn over organisatoriske einingar
  • Talet på einingar fordelt etter administrativt nivå (NIVAA) for gjevne departement og tidspunkt.
Dynamiske
oversyn
  • Lister over organisasjonsendringar for gjevne departement mellom to tidspunkt
  • Talet på flyttingar av organisatoriske einingar eksternt og internt i departement

Originaldata kan tingast frå NSD, og kan stort sett leverast i alle format/program.

Kjelder

Dei viktigaste kjeldene for innsamling av data har vore:

Statskalenderen er nytta som hovudkjelda. Dei andre kjeldene er i hovudsak nytta i dei tilfelle der Statskalenderen ikkje er god nok til å avdekka endringar einingane har vore utsette for. I enkelte tilfelle inneheldt kjeldene ulik informasjon, spesielt telefonboka og Statskalenderen. I dei fleste av desse tilfelle har vi valt å nytta Statskalenderen som kjelde.

Om datasetta

Datasettet Endringar i sentralforvaltninga (Statsforvaltninga) er det opprinnelege registreringsdatasettet for Forvaltningsdatabasen. Dei resterande datasetta er utleda frå denne for å få datasett som er tilpassa analyse og datauttak.

Vedlegg