Utvalgsarkivet

Tidsperiode: 1980-1997

Oversyn og tabellar

Ingen oversyn og tabellar er tilrettelagt.

Datasett

Informasjon om datasett under Utvalgsarkivet

'Datasett' inneholder detaljert informasjon om datagrunnlaget i arkivet. 'Oversikter og tabeller' til venstre er basert på disse datasettene.

Samandrag

Utvalsarkivet er ei datasamling med informasjon om statlege utval, styrer og råd for perioden 1980-1998. Arkivet inneheld informasjon om utvala og om medlemmane i desse. Grunnlaget for arkivet er dei årlege oversyna over statlege utval, styrer og råd (kvart 4. år som Stortingsmelding nr 7).

Ytterlegare informasjon om arkivet finst i NSD-rapport nr 96:
Svein Roar Hult, Harald Skeie og John-Erik Ågotnes: Utvalgsarkivet. Kodebok med dokumentasjon og eksempler på informasjon.

Om Utvalgsarkivet

Innhald

Datamaterialet er organisert i fire emne:

Dei faste utvalsopplysningane er inneheldt informasjon om utvala som ikkje endrar seg over tid (t.d. utvalstype). Dei tidsavhengige utvalsopplysningane er opplysningar om utvala som varierar frå år til år (t.d. tal på møter). Dei tidsavhengige medlemsopplysningane er opplysningar om medlemmane i utvalga for kvart enkelt år (t.d. vervtype). Det siste datasettet inneheldt ein post for kvart medlem (t.d. kjønn).

Bakgrunn

Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD) legg kvart år fram for Stortinget oversyn over statlege utval, styrer og råd og om medlemmane i desse. Fram til og med 1986 kom oversyna ut gjennom Stortingsmelding nr. 7. Frå 1987 byrja oversyna å kome ut som stortingsmelding kvart fjerde år – fyrste gong i 1989. For dei mellomliggjande år kjem oversyna ut som 'Oversikter over statlige styrer og råd mv.'. Informasjonen i oversyna og Stortingsmeldingane er i hovudsak den same. NSD får kvart år maskinelle oppdateringar av innhaldet i stortingsmeldingane/oversyna. Desse er grunnlaget for Utvalsarkivet. For å auka bruksverdien har NSD for åra 1983, 1986, 1989 og 1993 gått gjennom stortingsmeldingane/oversyna og registrert opplysningar om organisasjonstilknytinga til desse medlemmane. Dette vil i framtida bli gjort for dei åra Stortingsmelding nr. 7 blir framlagt.

Datakvalitet

For å bli registrert i Stortingsmelding nr. 7 eller i oversyna er ein avhengig av at dei enkelte departement rapporterar inn nye utval til Arbeids- og Administrasjonsdepartementet. Det viser seg at ikkje alle blir innrapporterte, og at difor materialet vil vera noko mangelfullt. Informasjonen om organisasjonstilknytinga til medlemmane kan òg ofte vera mangelfull då denne er basert på sjølvrapportering.

Bruk

Offentlege utval blir gjerne sett på som ein kanal inn til den politiske arena. Data om utvalssystemet har fyrst og fremst interesse for samfunnsforskarar i den grad dei kan fortelje kven som gis tilgang til den politiske arena gjennom denne kanalen. Spesielt informasjonen om organisasjonstilknytinga til medlemmane vil her vera til hjelp.

Kjelder

Om datasetta