Dette er en utdatert side

Du er nå kommet til en gammel utdatert side. Du kan besøke våre nye sider her.

This is an outdated page

You have reached an old outdated page. Please visit our new pages here.

Organisasjonsendring fordelt på departement og tilknytingsform

Departement:


Tilknytingsformer:

 

Inkludering av grupper:

Gruppe under departement
Eining som inngår i gruppe under departement

Gruppe under etat
Eining som inngår i gruppe under etat

Organisatoriske endringar:

"Nye-" endringar:

Forklaring til endringskode '101 Nyopprettingar'
Denne koden er nytta når ei eining blir skipa utan å veksa ut frå nokon annan eining.

Truleg vil likevel mange einingar som har fått denne koden ha ei forhistorie som tilseier at andre endringskodar burde ha vore nytta. I tilfelle der ein under kodingsarbeidet ikkje har kjennskap til noko slik forhistorie er denne koden nytta.

Forklaring til endringskode '102 Nye via utskiljing'
Kode "102 ny via utskiljing" vert nytta når ei eining får ein sjølvstendig status gjennom å verta skilt ut frå ei allereie eksisterande eining.

I denne utskiljingsprosessen får den allereie eksisterande eininga òg endra organisatorisk status. Sjå kode "202 består etter utskiljing".

Utskiljingsprosessen er ytterlegare dokumentert under Dokumentasjon i kapitlet Innhald.

Forklaring til endringskode '104 Nye via splitting'
Når ei eining sluttar å eksistera gjennom at den vert splitta i to eller fleire nye einingar vert kode "104 ny via splitting" nytta.

I denne splittingsprosessen vert koden "304 nedlagt via splitting" nytta for den organisatoriske eininga som opphørar.

Splittingsprosessen er ytterlegare dokumentert under Dokumentasjon i kapitlet Innhald.

Forklaring til endringskode '106 Nye via samanslåing'
Denne koden vert nytta når ei eining vert etablert gjennom at to eller fleire einingar vert slått saman til ei ny eining.

I denne samanslåingsprosessen vert koden "306 nedlagt via samanslåing" nytta for dei einingane som opphørar.

Samanslåingsprosessen er ytterlegare dokumentert under Dokumentasjon i kapitlet Innhald.

Forklaring til endringskode '111 Nye via omorganisering'
I ein del tilfelle er det vanskeleg å nytta spesifikke endringskodar når det skjer større omveltingar med ei gruppe av einingar. Med utgangspunkt i to tidspunkt kan ein gruppe av einingar ha fått nye namn og rapporteringsvegar på ein slik måte at det ikkje lar seg gjera å bruka meir detaljerte endringskodar. I slike tilfelle vil nye einingar i ei slik endrinsprosess verta koda med "111 ny via omorganisering".

I denne omorganiseingsprosessen vert kodane "211 består via omorganisering" og "311 nedlagt via omorganisering" òg nytta.

Omorganiseringsprosessen er ytterlegare dokumentert under Dokumentasjon i kapitlet Innhald.

Forklaring til endringskode '112 Nyinnskrivne'
Denne koden er nytta i dei tilfelle der skipingstidspunktet er ukjent. Tidspunktet for endringa blir satt skjønsmessig.

Databasen omfattar einingar som har eksistert etter 1.1.1947. Mange av einingane som eksisterte per 1.1.1947 er skriven inn i ved hjelp av denne endringskoden fordi ein ikkje kjenner til det rette skipingstidspunktet.

"Beståande-" endringar:

Forklaring til endringskode '202 Beståande via utskiljing'
Kode "202 består etter utskiljing" vert nytta når eininga held fram med å eksistera etter at ein del av eininga er skilt ut som ny eining.

I denne utskiljingsprosessen vert den einiga koda med "102 ny via utskiljing".

Utskiljingsprosessen er ytterlegare dokumentert under Dokumentasjon i kapitlet Innhald.

Forklaring til endringskode '203 Beståande via innlemming'
Kode "203 består etter innlemming" vert nytta når ei eksisterande eining består etter å fått innlemma ei anna allereie eksisterande eining.

I denne innlemmingsprosessen vert den nye organisatoriske eininga som inngår i den beståande eininga koda med "303 nedlagt etter innlemming".

Innlemmingsprosessen er ytterlegare dokumentert under Dokumentasjon i kapitlet Innhald.

Forklaring til endringskode '207 Namneendringar'
Når ei eining endrar namn utan at det skjer noko med eininga vert denne koden nytta.

For ein del av dei organisiatoriske einingane som har fått denne koden ligg det truleg meir funksjonelle endringar bak enn berre ei namneending.

Forklaring til endringskode '209 Fysiske omlokaliseringar'
Når ei eining endrar fysisk lokalisering til ei anna kommune har vi ei fysisk omlokalisering.
Forklaring til endringskode '211 Beståande via omorganisering'
I ein del tilfelle er det vanskeleg å nytta spesifikke endringskodar når det skjer større omveltingar med ei gruppe av einingar. Med utgangspunkt i to tidspunkt kan ein gruppe av einingar ha fått nye namn og rapporteringsvegar på ein slik måte at det ikkje lar seg gjera å bruka meir detaljerte endringskodar. I slike tilfelle vil einingar som "overlever" ein slik endringsprosess verta koda med "211 består via omorganisering".

I denne omorganiseingsprosessen vert kodane "111 ny via omorganisering" og "311 nedlagt via omorganisering" òg nytta.

Omorganiseringsprosessen er ytterlegare dokumentert under Dokumentasjon i kapitlet Innhald.

Forklaring til endringskode '213 Nyrapporteringar'
Kode 213, nyrapportering, er nytta i tilfelle der det vert oppretta ei ny eining mellom to einingar. I slike tilfelle vil eininga som er lågast i hierarkiet få ein ny overordna. Denne endringskoden er då nytta for å visa at den lågaste eininga i hierarkiet har fått ein ny rapporteringsveg. T d vil ei oppretting av sesjon mellom allereie eksisterande avdeling og kontor føre til at det er ein post som har informasjon om at kontoret har endra overordna.
Forklaring til endringskode '221 Horisontale flyttingar'
Når ei eining rapporterar til ein ny overordna utan at eininga sjølv endrar tilknytingsform og/eller administrativt nivå har vi ei horisontal flytting.

Merk at for administrative einingar innafor departement vil denne form for flytting kunne foregå både innafor og mellom departement, medan flytting for hovudeiningar (direktorat osb) vil i hovudsak foregå mellom departement.

Forklaring til endringskode '222 Vertikale flyttingar (omdanningar)'
Når ei eining endrar tilknytingsform og/eller administrativt nivå har vi ei vertikal flytting. Omgrepa omdanning og endring i tilknytingsform blir òg nytta om denne forma for flytting.

Vertikale flyttingar vil fyrst og fremst gjelda hovudeiningar (direktorat osb); t d ei omdanning av ein forvaltningsbedrift til stifting der eininga rapporterar til same departement før og etter omdanninga, men koden blir òg nytta for å visa endringar i administrativt nivå for einingar som er organisert innafor departementa.

Forklaring til endringskode '223 Horisontale – og vertikale flyttingar'
Når ei eining rapporterar til ny overordna og samstundes endrar tilknytingsform og/eller administrativt nivå har vi ei horisontal- og vertikal flytting.

Denne forma for flytting er ein kombinasjon av 221 Horisontal endring og 222 Vertikal endring.

Merk at denne forma for flyttingar òg omfattar flytting ut og inn i av forvaltninga; ei eining som flyttar ut til t d privat sektor vil bli registrert med denne forma for flytting fordi den endrar tilknytingsform og overordna.

Forklaring til endringskode '291 Omfordelte flyttingar'
Når ei eining får ny overordna (på same nivå) utan at tilknytingsform og/eller administrativt nivå for eininga sjølv blir endra samstundes med at den førre overordna blir nedlagt, har vi ei omfordelt flytting.

Denne forma for flytting blir t d nytta i samanheng med at den overordna eininga blir nedlagt gjennom splitting i nye einingar; blir t d eit departement splitta i to nye, blir det gamle nedlagt, og einingane under det gamle departementet blir omfordelte til dei to nye.

I og med at årsaka til flyttinga ikkje ligg hos eininga sjølv bør truleg denne flytteforma ikkje vera med i aggregerte teljingar av flyttingar.

Merk at eininga får ny overordna samstundes som det er inga endring i tilknyting eller administrativt nivå og at flyttinga difor kan tolkast som horisontal flytting.

Forklaring til endringskode '292 Tom einings flyttingar'
Når ei eining flyttar inn under ein etat, gruppeeining under etat eller gruppeeining under departement har ein ei tom einings flytting.

Etat, gruppeeining under etat eller gruppeeining under departement er einingar som er "tomme" dvs at dei ikkje i seg sjølv har organisatoriske ressursar. Ingen einingar rapporterar til "tomme" einingar. Det er difor ingen endring i overordna (eller i tilknytingsform/nivå) for eininga som flyttar. For ytterlegare informasjon om "tomme" einingar sjå Innhald under Dokumentasjon. Merk: Dersom ei nasjonal eining flyttar inn under etat (t.d. eit direktorat organisert som etat), vil eininga også endre overordna.

"Nedlagte-" endringar:

Forklaring til endringskode '303 Nedlagte via innlemming'
Kode "303 nedlagt etter innlemming" vert nytta når ei eining vert nedlagt etter å vorte innlemma i ei allereie eksisterande eining.

I denne innlemmingsprosessen vert den organisatoriske eininga som lever vidare koda med "203 består etter innlemming".

Innlemmingsprosessen er ytterlegare dokumentert under Dokumentasjon i kapitlet Innhald.

Forklaring til endringskode '304 Nedlagte via splitting'
Når ei eining vert nedlagt gjennom splitting i nye einingar så vert den nedlagte eininga koda "304 nedlagt via splitting".

I denne splittingsprosessen vert koden "104 ny via splitting" nytta for dei nye organisatoriske einingane som vert oppretta.

Splittingsprosessen er ytterlegare dokumentert under Dokumentasjon i kapitlet Innhald.

Forklaring til endringskode '306 Nedlagte via samanslåing'
Når ei eining vert lagt ned gjennom at to eller fleire einingar vert slått saman til ein ny vert dei nedlagte einingane koda med "306 nedlagt via samanslåing".

I denne samanslåingsprosessen vert koden "106 ny via samanslåing" nytta for den nye eininga.

Samanslåingsprosessen er ytterlegare dokumentert under Dokumentasjon i kapitlet Innhald.

Forklaring til endringskode '310 Nedlagte'
Når ei eining vart nedlagt vert kode "310 nedlagt" nytta.

I Forvaltningsdatabasen er denne koden truleg nytta for ofte p g a manglande informasjon om vidareføring av funksjonar.

Forklaring til endringskode '311 Nedlagte via omorganisering'
I ein del tilfelle er det vanskeleg å nytta spesifikke endringskodar når det skjer større omveltingar med ei gruppe av einingar. Med utgangspunkt i to tidspunkt kan ein gruppe av einingar ha fått nye namn og rapporteringsvegar på ein slik måte at det ikkje lar seg gjera å bruka meir detaljerte endringskodar. I slike tilfelle vil einingar som vert nedlagt gjennom ei slik omorganiseringprosess verta koda med "311 nedlagt via omorganisering".

I denne omorganiseringsprosessen vert kodane "111 ny via omorganisering" og "211 består via omorganisering" òg nytta.

Omorganiseringsprosessen er ytterlegare dokumentert under Dokumentasjon i kapitlet Innhald.

Forklaring til endringskode '312 Nedlagte med utskriving'
Når ei organisatorisk endring fører til at eininga ikkje lenger er tilknyta eit departement (t d overført til privat sektor) skriv vi eining ut av databasen.

Den førre hendinga vil vise kva som er årsaka til at eininga blir utskriven. Koden her blir nytta for å markera at vidare endringshistorie ikkje vil bli registrert.


Tidperiode:

 

Kjelde: Forvaltningsdatabasen ved NSD | Vilkår for bruk av data | Utlevering av data