This page is not translated to English

If the information on this page seems important, please contact PolSys

-----------------------------------------

1.12.2003

Sp

Lesarinnelegg

Eli Sollied �veraas om likestilling i styrer: Nytt, viktig steg for likestilling mellom kvinner og menn

90 �r etter at kvinnene fekk r�ysterett her i landet, kan vi no feire jubileet med ein lov som vil gje likestilling ogs� i styre i statsaksjeselskap, statsforetak, stiftingar og private allmennaksjeselskap. Mykje har skjedd p� 90 �r, og om ikkje utviklinga i desse �ra har g�tt jamt og trutt, har visjonen og m�let st�tt fast: Likestilling mellom kvinner og menn. Noreg har ofte vore i f�rarsetet p� dette omr�det. Eit av dei verkeleg store gjennombrota var Gro Harlem Brundtlands f�rste "kvinneregjering", som vakte internasjonal oppsikt d� ho vart skipa i 1986. Oppsikt vakte det �g da det vart klart at politikarane her i landet ville lovfeste reglar om likestilling i styra.

Bak lovforslaga om likestilling i styra, ligg eit breitt politisk fleirtal. Alle parti unntatt Frp st�ttar lovendringa. Fleirtalet er samde i at kvinneandelen p� 7,3 prosent i dei faste styreverva i norske privateigde allmennaksjeselskap er altfor l�g. Skal ein fremje ei samfunnsutvikling som anerkjenner og gjer seg nytte av b�de kvinners og menns kompetanse, er det naudsynt � gripe inn. I tillegg til at dette er positivt for likestilling og demokrati, er mi meining at dette �g vil gjere leiinga i n�ringslivet betre.

N�r det gjeld statlege selskap, er m�let om 40 prosent kj�nnsrepresentasjon allereie oppn�dd. Likevel er det eit viktig skritt, og ei synleggjering av eit viktig prinsipp, at dette no vert lovfesta.

Usemja mellom partia gjaldt n�r og om lovreglane skal tr� i kraft for privat eigde allmennaksjeselskap. Senterpartiet var med i fleirtalet som meiner ein skal freiste � oppn� likestilling i dei private allmennaksjeselskapa gjennom frivilligheit. Dersom den �nska kj�nnsrepresentasjonen er oppn�dd innan 1. juli 2005, ser ikkje fleirtalet at det er naudsynt � innf�re lovreglar. Om dette ikkje skjer, er det ein klar f�resetnad at lovreglane trer i kraft snarast r�d etter 1. september 2005.

Tilbake til innholdsfortegnelsen

 

Source: NSD´s Archive of Party-Political Documents | Condition for Use of Data | Access to Data