This page is not translated to English

If the information on this page seems important, please contact PolSys

-----------------------------------------

Stortinget, 26. november 2003

Senterpartiets stortingsrepresentant Eli Sollied �veraas i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen

Kronikk

Nynorsken treng ei vitamininnspr�yting

Regjeringa peikar i Kulturmeldinga p� at det i 2013 er 200 �r sidan Ivar Aasen vart f�dd og at "det ti�ret som st�r att fram til dette jubileet, kan vere eit h�veleg tidsperspektiv for eit meir systematisk arbeid med � styrkje den nynorske skriftkulturen". Regjeringa fylgjer opp med ei prisverdig satsing p� Det Norske Samlaget i sitt forslag til statsbudsjett. Senterpartiet meiner like fullt at innsatsen for nynorsken b�de b�r l�ftast opp og utvidast i neste �rs budsjett.

Heilt sidan 1885 har nynorsk vore formelt jamstelt med bokm�l, men framleis er det langt fram f�r spr�ka kan seiast � vere reelt likeverdige. Det offentlege har eit ansvar for � leggje forholda betre til rette for ei spr�kleg-kulturell utvikling som betrar stoda for nynorsken, og styrkjer livskrafta til nynorsk skriftkultur og nynorske kulturinstitusjonar.

I dag er kvar fjerde norske avis redigert p� nynorsk. Rekna i opplag er likevel berre 6 prosent av det samla avisopplaget p� nynorsk. I radio- og TV-sendingane i NRK har nynorskprosenten dei siste ti�ra utgjort mellom 10 og 18 prosent. Sams for b�de radio og TV er at bruken har g�tt noko ned det siste ti�ret. P� internett utgjer nynorske dokument berre 5 til 6 prosent av alle dokumenta p� .no-domena.

Sams for alle desse media er at spalteplass og sendetid berre kan fyllast p� ein tilfredsstillande m�te viss det finst profesjonelle milj� som er store og kraftige nok. Innanfor nynorsk publisistikk finst dette berre unntaksvis. Ei vidare utvikling av nynorsk skriftkultur f�reset at fleire nynorskbrukarar blir tryggare og betre i bruken av eige spr�k.

I samband med handsaminga av kulturbudsjettet for 2004 tar Senterpartiet Regjeringas kulturmelding p� alvor, og gjer framlegg om ei offensiv satsing p� nynorsk. Vi tar for det fyrste til orde for � opprette eit fond - Vinjefondet - oppkalla etter avismannen og forfattaren A.O. Vinje, mannen som med det nynorske bladet D�len la grunnlaget for moderne norsk avisjournalistikk. Fondet skal fremje nynorsk journalistikk og anna formidling p� nynorsk, og b�r p� sikt ha ein kapital p� 25 millionar kroner. I det alternative budsjettet fr� Senterpartiet vert dessutan ei rekkje nynorske institusjonar styrka med til saman 10 millionar kroner utover det som ligg i Regjeringas budsjettframlegg. Meininga med denne nynorskpakka er � syte for ei vitamininnspr�yting for � betre nynorskens konkurranseevne andsynes bokm�l i Noreg. Satsinga inneber mellom anna meir til Det Norske Teatret, og ei �yremerka l�yving til oppstart av arbeidet med eit digitalt leksikon p� nynorsk. Eit slikt prosjekt vil sikre skuleelevar og sv�rt mange andre eit tilbod om � finne oppdatert kvalitetsstoff p� nynorsk, noko som er ei mangelvare i dag.

Ei systematisk satsing p� nynorsk skriftkultur, slik Kulturmeldinga tar til orde for, krev meir omfattande tiltak enn dei som kan realiserast gjennom �rlege l�yvingar. Eit typisk trekk for nynorsk skriftkultur er at der er mange handlekraftige milj� og institusjonar, men at det alltid manglar pengar til � realisere dei beste ideane. Kulturpolitisk vil det difor vere verdifullt � etablere eit fond som blir forvalta og brukt uavhengig av dei kortsiktige prioriteringane som ligg til grunn for dei �rlege statsbudsjetta.

Styrking av nynorsk skriftkultur gir mest att p� dei omr�da der spr�kbruken er mest synleg. Nynorsk skal ikkje berre vere eit spr�k for l�rarar og lyrikarar. Eit fond for nynorsk journalistikk og anna formidling b�r prioritere styrking av nynorsk innanfor aviser, radio, TV, internett og reklame. Aktuelle bruksm�tar kan til d�mes vere frikj�p av journalistar og andre mediearbeidarar i inntil tre m�nader til etterutdanning ved h�gskular eller ved NRK sitt nye kompetansesenter for nynorsk mediespr�k. Tildeling av prosjektmidlar for nye, st�rre prosjekt der fleire institusjonar st�r bak, er �g ein mogeleg bruksm�te. P� den m�ten vil fondet kunne stimulere til samarbeid for � fremje eit spr�k som i dag er i bruk av meir enn 600.000 personar, og som i tillegg er uttrykk for ein heil kultur som har f�tt sitt s�rpreg gjennom 150 �rs bruk og utvikling.

Tilbake til innholdsfortegnelsen

 

Source: NSD´s Archive of Party-Political Documents | Condition for Use of Data | Access to Data