This page is not translated to English

If the information on this page seems important, please contact PolSys

-----------------------------------------

9.10.2003

Stortingsrepresentant Rune J. Skj�laaen (Sp), medlem av utdanningskomiteen om statsbudsjettet:

Studieforbunda blir rammet for hardt

�rets statsbudsjett legg om til eit kutt i st�tta til studieforbunda p� 40 millionar. Dette kan bety kroken p� d�ra for mange studieforbund, frykter Rune J. Skj�laaen fr� Senterpartiet.

Studieforbunda arrangerte i fjor 52 000 kurs, p� ei rekke fagomr�de. Meir enn 1,7 millionar studietimar vart meldt inn av dei 23 studieforbunda som har rett til statstilskot. - Eit s� stort kutt vil bety at det viktige tilbodet studieforbunda gjev vil kunne bli sterkt redusert, seier Skj�laaen.

I fjor deltok om lag 650 000 personar p� studieforbunda sine kurs. - Det er eit paradoks at regjeringa snakkar med fine ord om livslang l�ring og frivillige organisasjonar, og samstundes n�r det kjem til handling raserer dei den viktigaste arenaen organisasjonane har for oppl�ring av medlemmar og andre, seier ein oppgjeven Skj�laaen

- Det ville vere tragisk om det desentraliserte tilbodet som studieforbunda representerer vert fjerna. Kursa som vert arrangerte er ikkje berre ein fageleg viktig arena, men �g ein viktig sosial arena for mange, seier Skj�laaen.

Tilbake til innholdsfortegnelsen

 

Source: NSD´s Archive of Party-Political Documents | Condition for Use of Data | Access to Data