This page is not translated to English

If the information on this page seems important, please contact PolSys

-----------------------------------------

8.10.2003

Jorunn Ringstad (Sp)

Sentraliseringa held fram - distrikta tapar

Regjeringa skryt av auka midlar til samferdsel, men dette er det slett ikkje alle som f�r nyte godt av, seier nestleiar i samferdselskomiteen Jorunn Ringstad.

Distrikta tapar i kampen mot storbyane, og regjeringa si satsing p� sentralisering held fram.

I samband med framlegginga av statsbudsjettet i dag, har regjeringa mellom anna lagt vekt p� at det er satsa sterkt p� samferdsel. Dette er ei framstilling som ikkje er like sann for heile landet. For storbyane er det ei auka satsing p� kollektivtransport, og det er gode pengar � hente for dei som satsar p� milj�tiltak i sentrale str�k. Dette er ei god satsing, men dessverre g�r dette ut over distrikta.

Etterslepet i veginvesteringar aukar med 400 millionar, noko som gjer at etterslepet i forhold til Stortingets vedtekne nasjonale transportplan kjem opp i om lag 1,5 milliardar.

Regjeringa sa i Sem erkl�ringa at det ville styrkje samferdselssektoren og auke vegtilskota. Dette heng ikkje saman med det forslaget til statsbudsjett som dei n� har lagt fram.

Samferdsle er det grunnlaget for oppretthalding av ei mangfaldig busetting og eit robust n�ringsliv i distrikta. Ei nedvurdering av denne sektoren, slik regjeringa legg opp til, kan ikkje senterpartiet godt, seier Ringstad.

Tilbake til innholdsfortegnelsen

 

Source: NSD´s Archive of Party-Political Documents | Condition for Use of Data | Access to Data