This page is not translated to English

If the information on this page seems important, please contact PolSys

-----------------------------------------

8.10.2003

Sp

Regjeringa - verdsmeister i bl�rkasting

- Dette er eit katastrofebudsjett for skulen, seier stortingsrepresentant fr� Senterpartiet og medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen Rune J. Skj�laaen.

- Det er vanvittig � tenkje p� at medlemmar av regjeringa for under ein m�nad sidan reiste land og strand rundt og lova ein betre skule til foreldra, n�r dei no legg fram eit budsjett som gjev mindre til kommunane enn det dei vart f�respegla i v�r, seier ein oppgitt Skj�laaen.

Allereie med dei overf�ringane kommunane var f�respegla, viste ei unders�king i regi av Kommunenes Sentralforbund (KS) at 27% av kommunane l�g an til � m�tte kutte i viktige sektorar som skulen og omsorga for v�re eldre. No er realiteten at kommunane skal f� 1,75 mrd. mindre enn det Stortinget vedtok i kommune�konomiproposisjonen i v�r.

Dette betyr at mange av borna v�re f�r eit d�rlegare skuletilbod, og ikkje eit betre slik dei var lova i valkampen, seier Skj�laaen. - Dersom dette forslaget f�r fleirtal vil det bety d�rlegare skulebygg, mindre nytt l�reutstyr og f�rre l�rarar. Det vil gje ei d�rlegare oppf�lging av kvar elev, seier Skj�laaen som lovar at Senterpartiet skal st� p� i kampen for at kommunane skal f� meir pengar � bruke p� skulen.

- Denne regjeringa har fylt auga til folk med s� mykje bl�r at eg er overraska over at dei har meir att, avsluttar Skj�laaen.

Tilbake til innholdsfortegnelsen

 

Source: NSD´s Archive of Party-Political Documents | Condition for Use of Data | Access to Data