This page is not translated to English

If the information on this page seems important, please contact PolSys

-----------------------------------------

26.8.2003

Stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa, Senterpartiet

Leserinnlegg

Meir for pengane

Det er ein grunnleggjande forskjell p� H�gre og Senterpartiet n�r det gjeld v�rt felles ynskje om meir for pengane i kommunane. H�gre vil konkurranseutsetja og privatisera omsorgstenestene. Senterpartiet meiner det gir st�rre tryggleik og meir forutsigbare tenester dersom kommunane har eigne tilsette som utf�rer desse viktige oppg�vene. Vi trur faktisk det er uvurderleg viktig med ryddige kanalar og stabile tilh�ve b�de for dei pleietrengjande, dei p�r�rande og dei tilsette.

Kva er god omsorg? Det avgjerande er det som skjer i m�tet mellom den som treng hjelp og den som yter ei teneste. � bli m�tt med respekt er grunnleggjande. Det er om � gjera � f� fram alle dei gode d�ma der opplevinga er slik i dag. Haldningar, kunnskap, personalet sitt eige h�ve til trivsel, mange faktorar spelar inn. Tid til � stilla opp ved ein uf�resett situasjon er naudsynt.

Det er avdekka ei rekkje d�me p� alvorleg svikt i eldreomsorga. Mange stiller sp�rsm�l ved om alt som gjeld omsorg let seg kontraktsfesta. Eg meiner Norske Kvinners Sanitetsforening og andre ideelle foreiningar har vist at dei kan omsorg. Dei b�r framleis utgjera eit verdifullt supplement til det offentlege. Eg er elles overraska over at H�gre, trass i dei erfaringane som har kome fram i den seinare tida, held fram med si lovprising av konkurransesetjing til internasjonale selskap, tiljubla av Framstegspartiet og med st�tte fr� Krf. Truleg tenkjer H�gre p� andre enn dei eldre n�r dei krev meir for pengane. H�gre vil at private akt�rar skal overta der det er forteneste � henta. Dei vil at internasjonale konsern skal f� meir for dei pengane dei no i lang tid med lite hell har pr�vt � investera i omsorgssektoren.

Tilbake til innholdsfortegnelsen

 

Source: NSD´s Archive of Party-Political Documents | Condition for Use of Data | Access to Data