This page is not translated to English

If the information on this page seems important, please contact PolSys

-----------------------------------------

11.9.2003

Magnhild Meltveit Kleppa, SP

Auka porto for lokalaviser - eit h�n mot distrikta og mot fri meiningsbryting

Iflg. NTB har samferdselsminister Torild Skogsholm gitt gr�nt lys for kraftig auke av porto for aviser og blad. Dette er dramatisk. Senterpartiet vil be kulturministeren svara p� kvifor kulturpolitiske omsyn no er tilsidesett, seier parlamentarisk nestleiar Magnhild Meltveit Kleppa. Vi vil ikkje godta ein politikk som gir vanskelegare vilk�r for distrikta og for mange lokalaviser, organisasjonsblad og riksaviser.

Lokalaviser og aviser distribuert gjennom Posten har fram til no hatt ei ordning med l�g porto. Stortinget har meint at dette var ei god ordning med tanke p� best mulig spreiing av spesielle publikasjonar. Allmennyttige, folkeopplysande og kulturelle omsyn har vore tillagt vekt. P� denne m�ten har lokalaviser hatt r�d til � nytte Posten som distribusjonskanal. Det same gjeld og for landsdekkjande aviser som ikkje har ei slik utbreiing at dei kan ha eige bod. Allereie i dag er det i tettbygde strok ul�nsamt � nytte anna enn eigne avisbod, i grisgrende strok kan dette bli vanskeleg.

Dei st�rste taparane i denne saka, er dei sm� lokalavisene. Resultatet kan for fleire aviser bli nedlegging. For enkelte kan auken i porto bli st�rre enn det dei i dag f�r i pressest�tte. Dette vil vi pr�ve � forhindre, seier Kleppa.

Den nye ordninga som samferdselsministeren n� har gitt gr�nt lys for, legg opp til at vekt skal vera det einaste som gjeld ved fastsetting av portoen. Det er oppsiktsvekkande dersom kulturministeren stillteiande godtek denne endringa, seier Magnhild Meltveit Kleppa.

Tilbake til innholdsfortegnelsen

 

Source: NSD´s Archive of Party-Political Documents | Condition for Use of Data | Access to Data