This page is not translated to English

If the information on this page seems important, please contact PolSys

-----------------------------------------

5.9.2003

Eli Sollied �veraas, stortingsrepr. Sp

Lesarinnlegg

Ein m�lretta n�ringspolitikk er god distriktspolitikk!

Senterpartiet ser med uro p� den stadig aukande arbeidsl�ysa. For f�rste gang p� sv�rt mange �r, er antal personar utan arbeid over 100 000! Senterpartiet forventer at Regjeringa snarast vil signalisere tiltak for � stimulere n�ringslivet og redusere arbeidsl�ysa.

Det er eit paradoks at dette skjer n�r vi veit at vi har ei rekke ul�yste oppgaver rundt om i landet! I eit fylke som M�re og Romsdal er det nok � peike p� alle dei ul�yste samferdselsprosjekta vi har i alle deler av fylket. Ledige hender kan setjast i arbeid med bygg og vedlikehald av vegar, rassikring, bruer og tunnellar. Og det m� t.d. vere betre � bygge trygge gang- og sykkelvegar enn � betale ut arbeidsl�ysetrygd!

Vi har ledig kapasitet innan bygg- og anleggssektoren til � utf�re desse oppgavene!

Senterpartiet vil ha ein aktiv og m�lretta n�ringspolitikk. Vi vil legge til rette for at folk har arbeid der dei bur. Det er viktig � ha noko � leve for, men det viktigaste er � ha noko � leve av!

Vi er lei av � h�yre om regjeringas n�ringsn�ytralitet!

Vi er lei av � h�yre om n�ringsministerens tomme verktykasse!

Vi er lei av kommunalministerens: Mer igjen for pengene!

Senterpartiet vil ha fortgang i bygging av 4 gassferger - i Norge!

Vi vil ha ei utviding av permitteringsreglane.

Vi vil avsette ei fond p� 20mrd kroner til SND`s kapitalbase til regionale n�ringsfond. Det kan gi grunnlag for systematisk � tilrettelegge for vidareutvikling i n�ringslivet i heile landet med utgangspunkt i naturressursar, kapitalstyrke og kunnskap.

Vi vil at bortfall av differensiert arbeidsgivaravgift vert kompensert fullt ut.

Vi vil at kommunane skal ha �konomiske rammer slik at lokal velferd vert ivaretatt.

Verdiskapinga skjer i distrikts-Norge, og M�re og Romsdal er eitt av fylka med h�gast verdiskaping. Vi er n� vitne til ein gedigen sentraliseringspolitikk. Som eit eksempel kan nemnast Vegdirektoratet sitt framlegg om at over 50 pst av NTP (Nasjonal Transportplan) skal g� til Oslo og det sentrale �stland. (12 -mils sona kring Oslo!)

Senterpartiet vil kjempe for levande lokalsamfunn i by og bygd. D� treng vi ein aktiv n�ringspolitikk- ikkje ei tom verktykasse!

Tilbake til innholdsfortegnelsen

 

Source: NSD´s Archive of Party-Political Documents | Condition for Use of Data | Access to Data