This page is not translated to English

If the information on this page seems important, please contact PolSys

-----------------------------------------

18.07.03

Magnhild Meltveit Kleppa, Senterpartiet

Ta opp kampen mot patent - direktivet!

Tysdag 15.juni kunngjorde NTB at �tte EU-land nektar � godta EU sitt patentdirektiv. Sverige, Tyskland, Austerrike, Belgia, Frankrike, Italia, Luxembourg og Nederland er stemna for EU-domstolen fordi "patent p� liv" -direktivet ikkje er innf�rt i nasjonal lovgjeving . Fristen for � ta dette inn i lovverket var sett til juli 2000. Nederland gjekk til sak i EU-domstolen og kravde direktivet oppheva. Dei tapte p� alle punkt, men har likevel ikkje gjennomf�rt direktivet.

Det omstridne patentdirektivet gjev selskap h�ve til � patentera oppdagingar p� same m�te som oppfinningar. I praksis vil dette seia at store internasjonale selskap kan "eiga" plantar, dyr og menneskeleg materiale. Ei slik patentering av skaparverket meiner vi i Senterpartiet er fullstendig uetisk og milj�messig uforsvarleg. U - landa, som ofte har eit stort biologisk mangfald, vert ved eit slikt lovverk sv�rt utsette for genr�veri. Ein kan til d�mes f� ein situasjon der u - land vert nekta h�ve til � nytte plantar fr� eige land i produksjon til medisinar, fordi eit stort selskap har patent p� dei genane som gjer planten l�kjande. Dermed rammar patentdirektivet dei fattigaste.

Senterpartiet meiner det er bra at s� mange EU- land nektar � godta eit direktiv som det knyter seg s� mange prinsipielle og etiske motf�restillingar til. Desto meir vanskeleg er det � akseptera den posisjonen Noreg har stelt seg i. H�gre fekk i Sem-erkl�ringa gjennomslag for innlemming av direktivet. H�gre, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet sytte for fleirtal i Stortinget for dette no i v�r. Same dagen som det vart kunngjort at �tte EU- land motset seg innf�ring, har Kristeleg Folkeparti innlegg i fleire aviser der det vert gjort greie for kor vanskeleg denne saka er for KrF og kor sterkt dei er mot at direktivet skal bli norsk lov.

I Senterpartiet er vi sv�rt n�gde med at KrF valde � st� fast ved sitt prinsipielle syn b�de i Regjeringa og seinare i Stortinget. Det er likevel tankevekkjande at ei Krf-leia regjering er meir ivrig for � f� dei formelle vedtaka p� plass enn fleirtalet av EU-landa er. Det synest igjen � vera eit sj�lvstendig m�l � vera flinkare enn EU sj�lv � implementera nye direktiv uansett kva innhald dei m�tte ha.

Kristeleg Folkeparti f�r alts� no drahjelp til � avvisa patent-direktivet fr� tunge land i EU. Det b�r gi frimod til � ta opp saka p� nytt. Dersom dette er eit tema som verkeleg betyr s� mykje for KrF som dei no understrekar, b�r dei kunna nytta den sterke motstanden som er i desse �tte EU-landa til � ta opp saka p� ny b�de i Regjeringa og i Stortinget. Alternativet er at dei � framst�r som ein p�drivar for sv�rt alvorlege endringar, ikkje minst for utviklingslanda, endringar som Noreg absolutt burde vera p� barrikadane for � forhindra.

Tilbake til innholdsfortegnelsen

 

Source: NSD´s Archive of Party-Political Documents | Condition for Use of Data | Access to Data