This page is not translated to English

If the information on this page seems important, please contact PolSys

-----------------------------------------

18.07.03

Stortingsrepresentant Rune Skj�laaen (SP)

Mindre til helse og skule med Bondevik og co.

I eit lesarbrev til avisene, med overskrifta familie, skule og eldre, skriv sentralstyremedlem Trude Brosvik om det KrF har f�tt gjort og skal gjere dersom folk gjev dei stemma si ved haustens val.

P� den delen som omhandlar skule og eldre, skriv Brosvik om kor viktig KrF tykkjer det er med god kommune�konomi slik at ein sikrar ein god skule og ei verdig eldreomsorg. P� dette punktet er vi i Senterpartiet einige med Brosvik. Men det vert n�rast frekt, n�r Brosvik set kommune�konomien inn i skrytelista til KrF.

KrF har gjort det tvert motsette av � styrke �konomien til kommunane. Over 50% av kommunane har m�tte kutte i sine skule og/eller omsorgsbudsjett etter at KrF gjekk saman med H�gre i regjering. Dette fordi overf�ringane har gjeve kommunane stadig mindre pengar � rutte med. Auka kommunane fekk denne v�ren var det Senterpartiet og resten av opposisjonen p� Stortinget som stod for medan KrF og dei andre regjeringspartia ville vere langt mindre rause.

Kutta som over halvparten av kommunane m�tte gjere i budsjetta betyr d�rlegare omsorgstenester og d�rlegare skule for folk rundt om i landet. Dette har KrF vore med p�. Kvifor er det st�rre grunn til � stole p� at KrF skal halde l�fta sine etter dette valet?

Dersom vi skal f� til ein betre skule for borna v�re og ein verdig alderdom for v�re eldre, m� ein gje meir pengar til dei som utf�rer desse tenestene. Senterpartiet vil arbeide for at kommunane skal f� meir midlar, og vi fyljer opp lovnadane i Stortinget.

Tilbake til innholdsfortegnelsen

 

Source: NSD´s Archive of Party-Political Documents | Condition for Use of Data | Access to Data