This page is not translated to English

If the information on this page seems important, please contact PolSys

-----------------------------------------

11.07.03

SpU

Eit meir spennande fylke

Ei av hovudutfordringane for Sogn og Fjordane framover er � f� snudd ei negativ folketalsutvikling til positiv. Som ungdomskandidatar for Senterpartiet ved det komande valet vil vi, dersom vi f�r folkets tillit, arbeide for tiltak som gjer Sogn og Fjordane til eit meir spennande fylke for ungdom � bli buande i eller flytte attende til etter avslutta utdanning. Vi m� utvikle fylket til ein attraktiv stad �g for tilflyttarar utanfr�.

Arbeidsplassar

Vi vil arbeide for ein meir mangfaldig arbeidsmarknad i fylket v�rt. Trygging av dei arbeidsplassane vi allereie har er sj�lvsagt viktig, men vi lyt heile tida skape nye. Vi vil arbeide for eit fylke som dyrkar fram skaparevna. Folk med idear til ny n�ring m� f� vurdert id�ane sine og hjelp med risikokapital til � setja dei ut i livet. Dagens regjering har kutta kommunale n�ringsfond og i SND. Vi ynskjer ei auke i desse midlane. Vi ynskjer nyskapartanken inn i skulen. Dersom dei unge f�r innspel fr� eldre gr�ndarar som ein del av skulegongen, vil desse kunne dele erfaringar og inspirere den neste generasjonen med nyskaparar. Ved � f� tilbod om opphald i utlandet, som ein del av den vidareg�ande oppl�ringa vil ein �g kunne hente inn id�ar og inspirasjon utanfr�.

Kulturtilgang

Vi er heldige som har eit fylke med ein mektig natur, som gjev h�ve til opplevingar. Fylket v�rt har �g eit rikt kulturliv. Vi vil arbeide for at den kultursatsinga Senterpartiet med fylkesordf�rar Nils R. Sandal i spissen har drege igong, skal haldast oppe. Det � ha eit godt fritidstilbod er viktig for � f� ungdomen til � trivast i fylket. Vidare er det viktig � ha gode kommunikasjonar slik at ungdom f�ler dei blir opplyst om og kan oppleve kulturtilbodet som finst ulike stadar i fylket. Senterpartiet vil arbeide for gode samband mellom Sogn og Fjordane og omverda. Difor er det avgjerande � behalde og styrke fly-, b�t- og busstilbodet. Gode og trygge vegar m� til for � gjere verda mindre, og s�rskilt for dei som driv med verdiskaping i fylket v�rt.

Dersom vi f�r tillit hj� deg som veljar vil vi bidra politisk til � skape trivsels OG nyskapingsfylket Sogn og Fjordane.

Senterungdommen - inn p� fylkestinget!

Erling Sande 3.kandidat

Laila Melkevoll 6.kandidat

Linda Kandal 15.kandidat

Paul Jacob Helgesen 19.kandidat

Frode Gjerde Fylkesleiar Senterungdommen

Tilbake til innholdsfortegnelsen

 

Source: NSD´s Archive of Party-Political Documents | Condition for Use of Data | Access to Data