This page is not translated to English

If the information on this page seems important, please contact PolSys

-----------------------------------------

10.07.03

Liv Signe Navarsete, nestleiar i Sp

Utidig press fr� Regjeringa om kommunesamansl�ing

Fire kommunar i Sunnfjord i Sogn og Fjordane har i lenger tid arbeidd med � utgreie fordeler og ulemper ved kommunesamansl�ing. Folker�ysting er fastsett til 15. september i samband med lokalvalet. Same prosessen g�r ogs� andre stader i landet. 8. juli kom kommunalministeren p� bana med lovnad om 18 millionar til utbygging av breiband i Sunnfjord dersom kommunane svarar ja til samansl�ing. Men berre dersom kommunane gjer som Regjeringa og Makta vil.

Ikkje eitt �re elles.

Denne lovnaden viser Regjeringa si sanne haldning i h�ve kommunesamansl�ing og sl�r i hel alle fine ord representantar for regjeringspartia tidlegare har kome med om interkommunalt samarbeid. Den same haldninga kom og fram d� ein i innstillinga til kommune�konomiproposisjonen for 2004 stemde ned framlegg fr� Senterpartiet om � etablere tilskotsordningar for utgreiing og implementering av interkommunale samarbeidsl�ysingar og � g� gjennom kommunelova for � fjerne hindringar for interkommunalt samarbeid.

Senterpartiet er sterk tilhengar av at Staten skal g� inn og finansiere utbygging av breiband der marknaden ikkje gjer jobben. Vi har faktisk foresl�tt eit statleg fond nettopp til dette f�rem�let, men er vorte nedstemd av fleirtalet p� Stortinget i fleire omgangar. V�rt ankepunkt til forslaget fr� Regjeringa er at det er knytt opp til vilk�r om kommunesamansl�ing. Er det ikkje like stort behov for stor kapasitet for overf�ring av data mellom samarbeidande kommunar? Og har ikkje skular og n�ringsliv i dagens kommunar behov for breiband dersom dei skulle velje � seie nei til samansl�ing?

Paradoks nr 2 Ei av hovud�rsakene til at Regjeringa ynskjer kommunesamansl�ing er meir effektive einingar som skal kunne drivast billegare for den norske staten. Korleis vil ein d� forklare at ein storkommune i Sunnfjord treng 18 millionar fr� den same Staten for � byggje ut breiband, medan dei skal takle utbygginga innanfor eigne budsjett dersom dei vel � halde fram med same struktur som i dag?

Senterpartiet meiner den forfordelinga som Regjeringa her legg opp til ovanfor kommunane er eit angrep p� lokaldemokratiet og den enkelte innbyggjar sin rett til � ut�ve skj�n i h�ve reelle gevinstar og ulemper ved � g� inn i ein storkommune. Ein nyss framlagd rapport fr� KS sl�r fast at mykje av dei innsparingane ein f�r ved � sl� saman kommunar vert velta over p� innbyggjarane, m.a. i form av lenger reiseavstand til tenestene.

Debatten om kommunesamansl�ing handlar og om kva struktur vi skal ha p� samfunnet v�rt framover, og kva mulegheiter den enkelte skal ha til � p�verke sin eigen kvardag.

At Regjeringa p� den eine sida stryper det �konomisk handlingsrommet til kommunane medan ein p� den andre sida lokkar med feite sjekkar til dei som gjer slik makta vil er eit utslag av maktarroganse og ikkje eit bidrag til � utvikla levande lokaldemokrati i landet v�rt.

Senterpartiet er glad for at vi lukkast i auke rammene for kommunane i 2004 i h�ve Regjeringa sitt framlegg. Skal vi utvikle gode tenester innanfor barnehage, skule, helse og omsorg og kultur m� b�de store og sm� kommunar f�r �konomiske rammer som st�r i samsvar med dei oppg�vene Stortinget har p�lagt dei. D� vil ein og f� opp att engasjement og oppslutnad om lokaldemokratiet, n�r jobben vert utvikling og ikkje avvikling av lokalssamfunna v�re.

Tilbake til innholdsfortegnelsen

 

Source: NSD´s Archive of Party-Political Documents | Condition for Use of Data | Access to Data