This page is not translated to English

If the information on this page seems important, please contact PolSys

-----------------------------------------

15.5.2003

Eli Sollied �veraasSp

Manglande respekt for Stortingets vedtak!

Det er provoserande � registrere at regjeringa legg opp til omkamp p� fleire omr�de i revidert statsbudsjett.

Det er s�rleg skuffande at regjeringa ikkje har f�lgt opp Stortingets vedtak overfor pensjonistane. Stortinget har vedtatt at grunnbel�pet i folketrygda skal regulerast i tr�d med l�nnsutviklinga for yrkesaktive.

Det er trist at Regjeringa her sviktar - pensjonistane sine inntekter har over mange �r vore underregulert i h�ve il l�nns- og prisutviklinga for andre i samfunnet," uttaler Eli Sollied �veraas.

Sollied �veraas er og skuffa over det som kan karakteriserast som ein varsla omkamp p� nettol�nnsordninga for sj�folk "I M�re og Romsdal er dette ei sak som har skapt stort engasjement, denne omkampen kunne vi klart oss utan! Det er trist og leitt at ikkje Regjeringa har st�rre respekt for vedtak som Stortinget har fatta."

Regjeringa reverserer ogs� dei p�plussingane Stortinget har gjort i samband med auka straumprisar. "Kven hugsar vel ikkje alle lovnadane fr� mange politikarar under kuldeperioden i vinter, om at alle som trengte det skulle f� hjelp?"

"Det er ogs� trist � registrere den manglande satsinga innanfor samferdselssektoren," avsluttar Sollied �veraas. "Ikkje ei einaste ekstrakrone til rassikring i M�re og Romsdal

Tilbake til innholdsfortegnelsen

 

Source: NSD´s Archive of Party-Political Documents | Condition for Use of Data | Access to Data