This page is not translated to English

If the information on this page seems important, please contact PolSys

-----------------------------------------

07.02.03

Liv Signe Navarsete, (Sp)

Distriktskommisjonen: M� ikkje bli ein prateklubb

- Fyrst og fremst vonar eg det kjem konkrete resultat ut av arbeidet, og at kommisjonen ikkje berre blir ein prateklubb. Det seier nyutnemnt medlem i distriktskommisjonen, Sp-nestleiar Liv Signe Navarsete. Kommisjonen blei oppnemnt i Statsr�d i dag.

Navarsete meiner at kommisjonen m� vurdere den totale politikken som p�verkar ei balansert utvikling mellom byomr�de og distrikt. - Det held ikkje berre � evaluere dei m�lretta distriktspolitiske verkemidla, seier ho.

Ho vil ogs� at kommisjonen knyter til seg forskingsmilj� i heile landet, slik at faktagrunnlaget blir s� godt som r�d.

- Arbeidet vil bli ei stor utfordring, og eg ser fram til � g� i gong. Det handlar om � stoppe sentraliseringa og skape livskraftige lokalsamfunn landet rundt, seier Navarsete.

Tilbake til innholdsfortegnelsen

 

Source: NSD´s Archive of Party-Political Documents | Condition for Use of Data | Access to Data