Om PolSys
PolSys er eit av NSDs fire datahovudområde. Både for PolSys (og for dei andre dataområda) er NSDs primære oppgåve å stille data tilgjengeleg for forskingsformål. For at forskingsmiljøa skal få kjennskap til kva NSD har av data, er utarbeiding av dokumentasjon datasamlingane ei av dei viktigaste oppgåvene for NSD.
Data om det politiske system, eller PolSys som er forkortinga vi nyttar, inneheldt informasjon om institusjonar, personar og ressursar innafor det politiske og sentraladministrative system.
Sidene under PolSys inneheld informasjon om datagrunnlaget (metainformasjon). I tillegg er det tilrettelagt uttak frå datagrunnlaget i form av tabellar og oversyn.
Data under PolSys er samla i ulike arkiv eller databaser.
Det eldste arkivet, Politikararkivet, inneheld informasjon om utdanning, yrke, politisk karriere m.m. for stortingsrepresentantar frå 1814 og framover. Meininga med dei fyrste arkiva var å dekka behov for statistikkproduksjon.
Det som konstituerer eit arkiv er her eininga ein samlar inn informasjon om, t.d. om politikarar. Rundt eininga blir det samla inn informasjon frå forskjellige område; om politikarar blir det f.eks. samla inn informasjon om utdanning, yrke, aktivitet på Stortinget osv. Dei forskjellige områda innafor arkiva (eller databasene) blir organiserte i ulike datasett. På heimesida til PolSys er alle arkiva lista med eit kort oversyn over innhaldet.
Dei forskjellige arkiva har vi valt å gruppere etter institusjonstypane Storting, regjering, parti, forvaltning og organisasjonar. I og med at den bærande eininga under PolSys er arkiv, kunne ein tenke seg andre inndelingar; t.d. inndelingar ut frå om arkiva inneheld informasjon om personar eller ressursar.

