Samandrag

I 2006 ble det sendt ut eit elektronisk spørjeskjema til saksbehandlarar og sjefar i departement og direktorat for å kartlegge trekk ved arbeidsformer, personell og beslutningsprosesser. Undersøkinga er ei vidareføring av tilsvarande undersøkingar i 1976, 1986 og 1996.

Undersøkinga er finansiert av Universitetet i Bergen ved Meltzerfondet, ARENA og Universitetet i Oslo. Prosjetet vart leia av professor Per Lægreid, Universitetet i Bergen / Rokkansenteret, professor Tom Christensen, Universtietet i Oslo og professor Morten Egeberg, Universitetet i Oslo. Undersøkinga gjennomføres i samarbeid Universitetet i Bergen, Høgskolen i Agder og Norsk Institutt for by- og regionforskning. Den tekniske utføringa skjer i regi av Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD).

Se på data:

 

Om Sentraladministrasjonsundersøkinga 2006

Innhald

Data er innsamla ved hjelp av web-baserte spørjeskjema. Eit til dei departementstilsette og eit til dei direktoratstilsette. Departementsundersøkinga vart sendt ut 28.9.2006, medan direktorata fekk sine tilsendt 27.november same år. I tillegg vart respondentane purra to gonger med lik ordlyd (sjå vedlegg).

Undersøkinga vart utført ved at den enkelte respondent mottok ei unik (kryptisk) lekkje via e-post til eit skjema på NSD sin server.

Hovudmålet var å få sakshandsamarar på fyrstekonsulentnivå og oppover med minst eit års tenestetid til å svara på undersøkinga. Dersom respondenten ikkje tilfredstilte desse kriteria skulle han respondera på den mottatte e-posten med årsaka til at han ikkje skulle delta.

Spørjeskjemaet, som er svært likt for departements- og direktoratstilsette, er delt inn i 5 hovudbolkar:

Arbeidsområde og arbeidssituasjon.
Spørjeskjemaet starta med noen spørsmål rundt arbeidsområda og arbeidssituasjonen til dei tilsette.

Kontaktflater i arbeidet.
Deretter vart det stilt nokre spørsmål om den tilsettes kontaktflater i arbeidet og om IKT.

Internasjonale saker.
Deretter vart det stilt spørsmål om den tilsettes arbeid med internasjonale saker. Ein egen spørsmålsbolk var knytt til EU, EØS og Schengen spesielt.

Innflytelsesforhold mellom instansar.
Spørjeskjemaet fortsette med ein spørsmålsbolk omkring innflytelsestilhøve mellom ulike instansar.

Yrkeskarriere og bakgrunn.
Til slutt bestod spørjeskjemaet av eit spørsmålsbatteri omkring den tilsettes yrkeskarriere og bakgrunn. Avslutningsvis var det gjort plass til å komme med kommentarar.

Om gjennomføringa av undersøkinga for departementstilsette

E-postlister for departementstilsette mottok NSD frå Departementenes Servicesenter (DSS). Listene innehaldt opprinneleg ca 8000 tilsette, men vart redusert hovudsakleg grunna at same tilsette ofte låg inne med fleire gonger. I tillegg vart tilsette med manglande og ikkje relevante stillingskategoriar fjerna. Dei som hadde rett stillingskategori, men som likevel mangla e-post vart sjekke opp manuelt mot telefonkatalogen til departementa. Trass i dette mangla vi adressene til 377 tilsette. Dei fleste av desse mangla i telefonkatalogen òg, og blir difor ikkje rekna med i svargrunnlaget. Truleg er dette tilsette som har slutta, men som ikkje er blitt sletta i lista vi mottok frå DSS.

I høve til papirutsending er det lettare å få melding frå respondenten dersom vedkommande ikkje er relevant for undersøkinga. Bl a vil vi kunne redusera svargrunnlaget ved å fjerna dei som har autosvar som t d permisjon og sjukemeldingar utover perioden undersøkinga strakk seg. Trass i at enkelte tilsette har permisjon eller er fråverande grunna sjukdom har nokon av desse likevel svart. I så tilfelle er desse rekna med i svargrunnlaget medan dei som ikkje har svart ikkje er med i svargrunnlaget. Totalt vart undersøkinga sendt til 3267 tilsette.

I tabellen under er oppsummert justeringar i svargrunnlag.

Tabell 1: Oversyn over svargrunnlag med fråfallsårsaker.
  Nei Ja Totalt
Gyldige respondentar 0 2827 2827
Manglar e-post 377 0 377
Permisjon 30 4 34
Under eitt år tenestetid 176 7 183
Ikke-eksisterendande e-post 59 1 60
Usikre 21 9 30
Avslutta arbeidsforhold 12 1 13
Vil ikkje delta 0 34 34
Feil utsending 78 8 86
Totalt 753 2891 3644

Svargrunnlaget er såleis 2891.

Etter kvart som departementsundersøkinga lei framover vart det klart at mange respondentar tykte at mange av spørsmåla mangla relevans for deira arbeidssituasjon. Dette gjaldt spesielt IT-tilsette, tilsette på arkiv og tilsette med sekretærfunksjonar. Desse er blitt kategorisert under kategorien ”Feil utsending” i tabell 1 og 2.

Tabell for dei som har svart:

Tabell 2: Oversyn over svar med fråfallsårsaker.
  Nei Ja Totalt
Gyldige respondentar 983 1844 2827
Manglar e-post 377 0 377
Permisjon 30 4 34
Under eitt år tenestetid 176 7 183
Ikke-eksisterendande e-post 59 1 60
Usikre 21 9 30
Avslutta arbeidsforhold 12 1 13
Vil ikkje delta 34 0 34
Feil utsending 78 8 86
Totalt 1770 1874 3644

Talet på svar er 1874, noko som gjer ein svarprosent på 64,8.

Det vart føretatt to purringar i tillegg til hovudutsending:

29.9 2006: Hovudutsending - - > Ca 37%
23.10.2006: 1. purring - - > Ca 56% akkumulert
6.11.2006: 2. purring - - > 64,8% akkumulert

For å kvalitetssikra data vart det 29.11 og i etterfølgjande 14 dagar tatt kontakt via telefon, fyrst og fremst til tilsette i einingar som arbeider med driftsliknande oppgåver i departementa for å sjekke om respondentar skulle ha vore med i populasjonen. I tillegg vart telefonkatalogen nytta for å fjerna tilsette frå svargrunnlaget som arbeidde med reine driftsmessige oppgåver. Resultatet av denne telefonkontakten var at talet på svar auka med ca 20 medan ca 80 personar vart fjerna frå svargrunnlaget.

Av tabellen under ser vi at respondentane har brukt omlag 30 minuttar på å svara på dei fem Web-sidene.

Tabell 3: Tal på minuttar brukt på skjemaet for respondentar som har vore inne på skjemaet ein gong (på alle sidene) og som har brukt mindre enn ein time totalt. Departementsvariabelen er O_1000.
Departement Tal minutter i gjennom- snitt N
Statsministerens kontor 16.0 1
Arbeids- og inkluderingsdepartementet 27.4 75
Fiskeri- og kystdepartementet 28.0 42
Justis- og politidepartementet 28.0 86
Forsvarsdepartementet 28.1 107
Nærings- og handelsdepartementet 28.2 53
Kunnskapsdepartementet 29.1 99
Fornyings- og administrasjonsdepartementet 29.3 54
Finansdepartementet 29.5 81
Alle departement 29.6 1200
Kommunal- og regionaldepartementet 29.6 46
Utanriksdepartementet 29.9 192
Helse- og omsorgsdepartementet 30.2 69
Samferdsledepartementet 30.5 55
Landbruks- og matdepartementet 30.8 59
Olje- og energidepartementet 30.9 33
Kultur- og kyrkjedepartementet 31.3 48
Barne- og likestillingsdepartementet 32.4 39
Miljøverndepartementet 32.7 61

 

Om gjennomføringa av undersøkinga for direktoratstilsette

I utgangspunktet alle direktorat og sentraladministrative organ med i undersøkinga. Nokre institusjonar som strengt tatt ligg innafor denne definisjonen vart av forskingsgruppa tatt ut. Dette grunna rutiniserte-driftsmessige oppgåver samt at slike institusjonar ikkje var med i undersøkingane i 1996 og 1986. Dette gjaldt bl a Brønnøysundregistrene og Departementenes servicesenter (DSS). I kapitlet om Datakvalitet er alle institusjonar der tilsette har fått tilsendt spørjeskjema lista saman med svarprosentar.

Det finnes ikkje noko sentralt register over direktoratstilsette. E-postlister for direktorat vart i hovudsak samla inn ved å finne e-postadressene til dei tilsette på direktorata sine heimesider. Tilsette på fyrstekonsulentnivå og oppover vart tiltrettelagt. Ikkje alle institusjonars heimesider hadde e-post på tilsette tilgjengeleg. For desse måtte ein venda seg direkte til institusjonen. I nokre tilfelle mangla stillingskategoriar på dei tilsendte listene. I desse tilfella vart listene manuelt sjekka mot Statskalenderen. Ein institusjon, Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM), ville ikkje gje frå seg dei tilsette sine e-postar. Denne institusjonen fekk spørjeskjemaet på papir. Arbeidet med tilrettelegging viste seg å vera meir omfattande enn vi fyrst hadde stipulert. Bl a stemte ikkje reglane for å laga e-postar. Dette førte til at for enkelte institusjonar kom mange e-postar i retur. Desse blei i hovudsak retta opp og spørjeskjemaet sendt ut på nytt.

Grunna det omfattande arbeidet med postal utsending og registrering vart undersøkingane i 1986 og 1996 sendt ut til ein tredjedel av dei tilsette på fyrstekonsulentnivå og over. Dette vart vidareført i 2006-undersøkinga slik at kvar tredje tilsett på den tilrettelagde e-postlista på 9058 personar vart trekt ut for å svara.

I tillegg til å trekkje ut ein tredjedel som skulle svara på spørjeskjemaet vart det tatt ut eit såkalla bufferutval på 978 personar som skulle nyttast til å fylla opp for dei respondentane i ein-tredje-dels-utvalet som hadde enten under eit års tenestetid (kontrollspørsmål b2b) eller som arbeidde hovudsakleg med interne driftsoppgåver (kontrollspørsmål b2c). I og med at vi handsama direktoratsundersøkinga likt med departementsundersøkinga vart det ikkje aktuelt å nytta respondentar frå bufferutvalet til å fylla opp respondentar i ein-tredje-dels-utvalet som har under eit års tenestetid (jfr. dokumentasjon for departementundersøkinga).

Forskargruppa kom fram til at dei ikkje ville fylla opp med respondentar frå bufferutvalet i det heile: For det første ser det ut frå dei køyringane som er gjort at respondentane kan ha lagt ein nokså vid forståing av interne driftsoppgåver til grunn. For det andre har vi presisert i følgjebrev og i purringar at dei som har reine driftsoppgåver ikkje skulle svara og mange er alt luka ut frå populasjonen etter å ha blitt oppfordra om å gi tilbakemelding dersom dei hadde slike oppgåver. Dessutan var det ikkje eit tilsvarande kontrollspørsmål til departementa i 2006 eller i dei tidlegare direktoratsundersøkingane frå 1986 og 1996. Det er derfor mykje som tyder på at ein vil få det beste samanlikningsgrunnlag både over tid og mellom nivå dersom ein nytta normalutvalet, dvs det reine ein-tredje-dels-utvalet.

Resten av denne dokumentasjonen for direktoratsundersøkinga omfattar det reine ein-tredje-dels-utvalet. Bufferutvalet vil ikkje bli sletta, men arkivert ved NSD.

I høve til papirutsending er det lettare å få melding frå respondenten via e-post dersom vedkommande ikkje er relevant for undersøkinga. Bl a vil vi kunne redusera svargrunnlaget ved å fjerna dei som har autosvar som t d permisjon og sjukemeldingar utover perioden undersøkinga strakk seg. Trass i at enkelte tilsette har permisjonar og sjukemelding har nokre av desse likevel svart. I så tilfelle er desse rekna med i svargrunnlaget medan dei som ikkje har svart ikkje er med i svargrunnlaget. Totalt vart undersøkinga sendt til 3019 tilsette.

I tabellen under er oppsummert justering i svargrunnlag:

Tabell 4: Oversyn over svargrunnlag med fråfallsårsaker.
  Nei Ja Totalt
Gyldige respondentar 0 2187 2187
Permisjon 76 9 85
Undet eitt års tenestetid 97 9 106
Ikkje-eksisterande e-post 118 5 123
Usikre 95 119 214
Avslutta arbeidsforhold 35 0 0
Vil ikkje delta 0 83 0
Feil utsending 148 38 186
Totalt 569 2450 3019

Svargrunnlaget er såleis 2450.

Etter kvart som direktoratsundersøkinga lei framover vart det klart at mange respondentar tykte at mange av spørsmåla mangla relevans for deira arbeidssituasjon. Dette gjaldt spesielt IT-tilsette, tilsette på arkiv og tilsette med sekretærfunksjonar. Desse er blitt kategorisert under kategorien ”Feil utsending” i tabell 4 og 5.

Tabell for dei som har svart:

Tabell 5: Oversyn over svar med fråfallsårsaker.
  Nei Ja Totalt
Gyldige respondentar 915 1272 2187
Permisjon 76 9 85
Undet eitt års tenestetid 97 9 106
Ikkje-eksisterande e-post 118 5 123
Usikre 95 119 214
Avslutta arbeidsforhold 35 0 0
Vil ikkje delta 83 0 0
Feil utsending 148 38 186
Totalt 1567 1452 3019

Talet på svar er 1452, noko som gjer ein svarprosent på 59,3.

 

- - -

Det vart føretatt to purringar i tillegg til hovudutsending:

27.11.2006: Hovudutsending - - > Ca 26%
12.12.2006: 1 purring - - > Ca 44% akkumulert
8.1.2007: 2. purrring - - > 59,3% akkumulert

I tillegg til e-post purringane vart det føretatt telefonpurring til Konkurransetilsynet og Oljedirektoratet i perioden 11.1.2007 til 18.1.2007 og til NAV 19.1.2007 til 19.2.2007.

I nokre direktorat (NAV, SSB, Fiskeridirektoratet og Toll og Avgiftsdirektoratet) hadde ikkje dei tilsette direkte tilgang til undersøkinga gjennom Internett grunna brannmurar o l. Ved hjelp frå dataavdelingane i desse direktorata kom ein rundt desse problema. I tillegg sendte vi, via e-post, informasjon om korleis dei skulle gå fram for å kunne svara på det webbaserte skjemaet.

Av tabellen under ser vi at respondentane har brukt om lag 30 minuttar på å svara på dei fem Web-sidene.

Tabell 6: Tal på minuttar brukt på skjemaet fordelt på direktorat for respondentar som har vore inne på skjemaet ein gong (på alle sidene) og som har brukt mindre enn ein time totalt.
Departement Tal minutter i gjennom- snitt N
Sekretariatet for konfliktrådene 17.0 1
Fiskeridirektoratet 20.3 25
Bioteknologinemda 22.0 1
Lotteri- og stiftelstilsynet 22.3 3
Toll- og avgiftsdirektoratet 23.5 23
Datatilsynet 24.0 1
Arbeids- og velferdsdirektoratet 25.1 78
Konkurransetilsynet 25.7 6
Senter for statlig økonomisk styring (SSØ) 25.7 3
Sosial- og helsedirektoratet 26.9 36
Statens strålevern 27.0 5
Petroleumstilsynet 27.6 19
Statens landbruksforvaltning 28.1 16
Statistisk sentralbyrå 28.1 54
Riksantikvaren- direktoratet for kulturminneforvaltning 28.4 13
Utdanningsdirektoratet 28.5 36
Utlendingsdirektoratet- UDI 28.7 49
Post- og teletilsynet 28.7 15
Oljedirektoratet 28.8 10
Patentstyret- styret for det industrielle rettsvern 29.1 15
Alle direktorat 29.2 834
Direktorat for arbeidstilsynet 29.3 7
Forbrukerombudet 29.3 3
Produktregisteret 29.7 3
Statens helsetilsyn 29.8 12
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, IMDI 30.0 6
Skattedirektoratet 30.0 57
Vegdirektoratet 30.0 57
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet 30.4 11
Statens bygningstekniske etat 30.7 3
Luftfartstilsynet 30.8 13
Mattilsynet- hovedkontor 30.8 13
Kredittilsynet 30.9 20
Politidirektoratet 31.0 5
Norges vassdrags- og energidirektorat 31.3 49
Jernbaneverket 31.5 14
Medietilsynet 31.7 6
Direktorat for utviklingssamarbeid- NORAD 31.7 19
Det norske justervesen 31.8 4
Statens jernbanetilsyn 32.2 5
Direktorat for samfunnssikkerhet og beredskap 32.6 25
Direktorat for naturforvaltning 33.5 20
Sjøfartsdirektoratet 34.2 22
Statens legemiddelverk 34.5 21
Statens forurensningstilsyn 35.0 23
Bergvesenet 36.0 1
Kystdirektoratet 40.7 6

Bakgrunn

Alle saksbehandlarar og sjefar i departement og 1/3 av personane på same stillingsnivå i direktorat har fått tilsendt eit spørjeskjema som omhandlar trekk ved arbeidsformer, personell og beslutningsprosesser. Undersøkinga er utført ved hjelp av eit elektronisk web-basert skjema.

Undersøkinga representerer ein oppfølging av tre tidligare spørjeundersøkingar. Det starta med Maktutgreiinga si departementsstudie i 1976 med professor Johan P. Olsen som prosjektledar. Ti år etter ble det i regi av Forskingsrådets innsatsområde "Ledelse, organisasjon og styringssystem" (LOS), gjennomført ein tilsvarande undersøking. I 1996 vart den tredje undersøkinga gjennomført, denne gongen i regi av ARENA, eit program for studier av nasjonalstatens europeisering ved Universitetet i Oslo, og i samarbeid med LOS-senteret ved Universitetet i Bergen.

Med oppdateringa av 2006 vil forskingsmiljøa med dette få eit - i internasjonal samanheng – eineståande innblikk i utviklingstrekk m o t forvaltningas arbeidsformer, personalsamansetjing og verdiorientering over ein 30-års periode. Undersøkinga vil bidra vesentleg til forvaltningas oppfatning av seg sjølv, samfunnets forståing av den, og dermed til arbeidet med å vedlikehalde og skape ein god forvaltning. Av dei tema som dekkes er forvaltningas europeisering, nye leiings- og styringsformer, IKT og samordningsproblematikk.

Undersøkinga er finansiert av Universitetet i Bergen ved Meltzerfondet, ARENA og Universitetet i Oslo. Prosjektleiarar er professor Per Lægreid ved Rokkansenteret og Universitet i Bergen, og professorane Tom Christensen og Morten Egeberg ved Universitetet i Oslo. Morten Egeberg er òg forskingsleiar ved ARENA. Alle desse tre forskarane har stått sentralt som prosjektmedarbeidarar og prosjektleiarar i dei tre tidligare undersøkingane. Undersøkinga gjennomføres i samarbeid Universitetet i Bergen, Høgskolen i Agder og Norsk Institutt for by- og regionforskning. Den tekniske utføringa skjer i regi av Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD) som også har ivaretatt personvernomsyn i datainnsamlinga..

Data frå undersøkingane vil bli oppbevart i anonymisert form for framtidige forskingsformål, i tråd med konsesjonsreglar satt av Datatilsynet.

Datakvalitet

Svarprosent for departementstilsette er 64,8 og for direktoratstilsette 59,3. Dette er noko lågare enn for dei tidlegare undersøkingane som låg rundt 70%. Den sterke auken i spørjeundersøkingar generelt dei siste åra har ført til at respondentane er mindre villig til å svara på desse. Generelt ligg no svarprosenten på rundt 50% på slike undersøkingar. Sett i denne samanheng er svarprosentane for departements- og direktoratstilsette svært bra.

Under er det gjort greie for datakvaliteten for dei to undersøkingane kvar for seg.

Departementstilsette

I vedlegg om ”Svarprosentar fordelt på variablar for departementstilsette” vil ein sjå at svarprosentane ligg på ca 98 på webside 1 og blir redusert til ca 90 på siste webside, side fem. Årsaka til ein fallande svarprosentar er at respondentane avsluttar det Web-baserte skjema før dei kjem fram til siste side. For departementsundersøkinga ligg spørsmåla om dei tilsettes bakgrunn på side fem. I og med at ikkje alle svarer på alle fem sidene er dei viktige bakgrunnsspørsmåla flytta til side ein for direktoratsskjemaet.

Mange respondentane har via e-post og telefonar gitt utrykk for at mange av spørsmåla synes irrelevant for deira arbeid. Dette blir stadfesta av svarprosentane fordelt på enkeltspørsmål. Dei ligg mellom 85 og 90, altså under svarprosentane for bakgrunnsopplysningane (som er lettare å svara på for respondenten) for websidene 2 til 4. 86 respondentar (jfr. tabell 1 og 2 i Innhaldskapitlet, kategorien Feil utsending) har via e-post eller telefon gitt uttrykk for at dei meiner undersøkinga ikkje er retta mot dei.

Intensjonen var å nå tilsette på fyrstekonsulentnivå og oppover med meir enn eit års tenestetid. Desse forholda vart respondenten orienter om i følgjebrevet. Dersom krava ikkje vart tilfredstilt ba vi respondenten om å svara tilbake om årsak til at vedkommande ikkje skulle delta. For å kontrollera om respondentane verkeleg hadde meir enn eit års tenestetid, vart det tilrettelagt eit kontrollspørsmål om dette (B2b). 71 respondentar svarte at dei hadde mindre enn eit års tenestetid. Desse er likevel tekne med i det tilrettelagde datasettet ut frå at dei likevel kan ha hatt eitt års tenestetid (t d at dei ikkje har rekna med tenestetid i andre departement eller direktorat der dei arbeider no) eller at dei likevel har visse saksbehandlingsoppgåver.

Ser vi bort frå Statsministerens kontor så varierer svarprosenten frå 56 til 75 prosent, med eit gjennomsnitt 65.

Tabell 7: Svarprosent fordelt på departement.
Departement Tal svar Tal respon-
dentar
Svarprosent
Statsministerens kontor 1 26 3.8
Olje- og energidepartementet 57 102 55.9
Arbeids- og inkluderingsdepartementet 124 215 57.7
Forsvarsdepartementet 154 263 58.6
Finansdepartementet 116 185 62.7
Landbruks- og matdepartementet 84 132 63.6
Nærings- og handelsdepartementet 92 142 64.8
Alle departement 1874 2891 64.8
Justis- og politidepartementet 136 208 65.4
Barne- og likestillingsdepartementet 61 93 65.6
Miljøverndepartementet 103 157 65.6
Fornyings- og administrasjonsdepartementet 86 131 65.6
Samferdsledepartementet 71 108 65.7
Kunnskapsdepartementet 164 241 68.0
Utanriksdepartementet 291 421 69.1
Helse- og omsorgsdepartementet 112 162 69.1
Kultur- og kyrkjedepartementet 79 113 69.9
Kommunal- og regionaldepartementet 81 109 74.3
Fiskeri- og kystdepartementet 62 83 74.7

 

Merknad til respondentens svar på departementstilknyting (B1) vs departementstilknyting i registertabellen (O_1000)

Ved utsending av e-post til dei departementstilsette er det tilrettelagt eit datasett med e-postadresser og departement (N=3644). Det er denne tabellen som gjer det mogleg å rekna ut svarprosentane fordelt på departement. Denne departementsvariabelen, O_1000, er det same identifiseringsnummeret som er brukt i Forvaltningsdatabasen og er tilrettelagt på analysedatasettet som inneheldt 1874 einingar.

I det fyrste spørsmålet i departementsskjemaet blir respondenten bedt om å oppgje kva for departement vedkommande arbeidar i, variabel B1. Når vi krysstabulerar B1 mot O_1000 får vi så godt som perfekt ”diagonal”: Det respondenten oppgjer stemmer overeins med departementsopplysninga i adressedatasettet, O_1000, med eit større unnatak: Det er ni respondentar som oppgjer at dei arbeidar ved Statsministerens kontor, der sju av desse i adressetabellen er oppgitt med Utanriksdepartementet som arbeidsplass (ein oppgjer Forsvar og ein oppgjer Statsministerens kontor). Dersom ein nyttar B1 i analysar mot andre variablar (t d kjønn) vil ein med ni respondentar kunne sei noko om analysevariabelen. O_1000, derimot, inneheldt berre ein respondent, og vil ikkje kunne nyttast mot andre analysevariablar.

At det er samsvar for dei andre departementa mellom departement respondenten har oppgitt og departement i adressetabellen, saman med at kategoriane for Utanriksdepartementet og Statsministerens kontor er plassert etter kvarandre i spørjeskjemaet, taler for at eigenrapporteringa av departement må tolkast som feilpunch av respondenten og at O_1000, adressedepartementstilknytinga, bør nyttast i statistiske analysar mot denne variabelen.

Direktoratstilsette

I vedlegg om ”Svarprosentar fordelt på variablar for direktoratstilsette” vil ein sjå at svarprosentane ligg på ca 96-98 på webside 1 og blir redusert til ca 85% på siste webside, side fem. Årsaka til ein fallande svarprosent er at respondentane avsluttar det Web-baserte skjema før dei kjem fram til siste side. Merk at i høve til departementsundersøkinga er ein del av bakgrunnsspørsmåla flytta fram til side ein. Dette for å få betre svarprosentar på desse spørsmåla.

Mange av respondentane har via e-post og telefonar gitt utrykk for at ein del av spørsmåla synes irrelevant for deira arbeid. Dette blir stadfesta av svarprosentane fordelt på enkeltspørsmål. Den nest siste spørjesida, der det er ikkje nokon bakgrunnsspørsmål, er svarprosenten ned mot 80. Tilsvarande prosent for departementsundersøkinga er ca 85% – noko som tydar på at dei direktoratstilsette synest undersøkinga ikkje er like relevant for dei som for dei departementstilsette. 186 respondentar (jfr tabell 4 og 5 i innhaldskapitlet, kategorien Feil utsending) har via e-post eller telefon gitt uttrykk for at dei meiner undersøkinga ikkje er relevant for dei.

Intensjonen var å få tilsette på fyrstekonsulentnivå og oppover med meir enn eit års tenestetid til å svara på undersøkinga. Desse forholda vart respondenten orientert om i følgjebrevet. Dersom krava ikkje vart tilfredstilt bad vi respondenten om å svara tilbake om årsak til at vedkommande ikkje skulle delta. For å kontrollera om respondentane verkeleg hadde meir enn eit års tenestetid, vart det tilrettelagt eit kontrollspørsmål om dette (B2b). 23 respondentar svarte at dei hadde mindre enn eit års tenestetid. Desse er likevel tekne med i det tilrettelagde datasettet ut frå at dei likevel kan ha eitt års tenestetid (t d at dei ikkje har rekna med tenestetid i andre departement eller direktorat der dei arbeider no) eller at dei likevel har visse saksbehandlingsoppgåver.

I eit anna kontrollspørsmål spurte vi om respondenten sine arbeidsoppgåver var driftsmessig karakter. 294 respondentar gav opp at dei hadde interne driftsoppgåver. Tilsvarande kontrollspørsmål vart ikkje stilt til departementa i 2006 eller i dei tidlegare direktoratsundersøkingane frå 1986 og 1996. For å få best mogleg samanlikning med desse undersøkingane valde forskargruppa å ta desse med i det tilrettelagte datasettet. Sjå òg diskusjonen om bufferutval i innhaldskapitlet.

Ser vi bort frå Barneombodet og Bioteknologinemda (få respondentar) så varierer svarprosenten mellom 40 og 84 prosent, med eit gjennomsnitt 59.

Tabell 8: Svarprosent fordelt på direktorat.
Direktorat Tal svar Tal respon-
dentar
Svarprosent
Foreldreutvalget for grunnskolen 0 2 0.0
Teknologirådet - sekretariatet 0 2 0.0
Barneombudet 1 3 33.3
Politidirektoratet 12 29 41.4
Lotteri- og stiftelstilsynet 5 12 41.7
Patentstyret- styret for det industrielle rettsvern 32 75 42.7
Oljedirektoratet 22 50 44.0
Statens landbruksforvaltning 24 53 45.3
Det norske justervesen 6 13 46.2
Konkurransetilsynet 9 19 47.4
Jernbaneverket 33 68 48.5
Luftfartstilsynet 25 51 49.0
Bergvesenet 2 4 50.0
Fiskeridirektoratet 30 60 50.0
Datatilsynet 5 10 50.0
Sekretariatet for konfliktrådene 1 2 50.0
Norsk kulturråd 6 12 50.0
Statistisk sentralbyrå 96 188 51.1
Statens strålevern 11 21 52.4
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet 22 42 52.4
Sjøfartsdirektoratet 37 70 52.9
Kystdirektoratet 12 22 54.5
Toll- og avgiftsdirektoratet 28 50 56.0
Statens bygningstekniske etat 8 14 57.1
Sosial- og helsedirektoratet 75 129 58.1
Alle direktorat 1452 2450 59.3
Utlendingsdirektoratet- UDI 85 143 59.4
Petroleumstilsynet 25 42 59.5
Kredittilsynet 40 66 60.6
Skattedirektoratet 101 166 60.8
Direktorat for samfunnssikkerhet og beredskap 39 64 60.9
Senter for statlig økonomisk styring (SSØ) 11 18 61.1
Utdanningsdirektoratet 49 80 61.3
Vegdirektoratet 98 159 61.6
Direktorat for utviklingssamarbeid- NORAD 26 42 61.9
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, IMDI 9 14 64.3
Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) 22 34 64.7
Riksantikvaren- direktoratet for kulturminneforvaltning 28 43 65.1
Statens forurensningstilsyn 44 67 65.7
Statens legemiddelverk 35 53 66.0
Direktorat for naturforvaltning 34 49 69.4
Arbeids- og velferdsdirektoratet 112 161 69.6
Mattilsynet- hovedkontor 24 34 70.6
Forbrukerombudet 5 7 71.4
Statens helsetilsyn 14 19 73.7
Post- og teletilsynet 28 38 73.7
Medietilsynet 9 12 75.0
Norges vassdrags- og energidirektorat 83 105 79.0
Produktregisteret 4 5 80.0
Direktorat for arbeidstilsynet 16 19 84.2
Bioteknologinemda 1 1 100.0

 

Vedlegg