Samlingspartiet

Partibakgrunn
StiftaNedlagdValdeltakingStortingsrepresentasjon
1903 1909 1903 - 1906 Minst ein periode

Historie

Samlingspartiet vart skipa i 1903 av dei tre aktørane Høgre, Det Moderate Venstre og Det Liberale Parti. Partiet stilte til val same år, men berre som eit valsamarbeid mellom dei tre medlemspartia, og ikkje som eit uavhengig parti med eigen organisasjon. Før neste val i 1906 slo Moderate Venstre seg saman med Høgre, som la ned sin eigen partiorganisasjon for å fokusere på Samlingspartiet. Samlingspartiet kom med sitt eige valmanifest før dette valet, og etablerte seg på den måten som eit politisk parti uavhengig av moderpartia.

Samlingspartiet gjorde gode val både i 1903 og i 1906, og kom i begge høve med i koalisjonsregjeringar. Planen var å fortsette i same spor ved neste val, men i det politiske klimaet som følgde etter oppløysinga av unionen med Sverige i 1905 vart det vanskeleg å halde troppane samla i Samlingspartiet. Utan eit skikkeleg felles politiske grunnlag forsvann medlemspartia kvar til sitt igjen, og i 1909 blei partiet lagt ned.

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1906 Samlingspartiet stifta.
1909 Samlingspartiet lagt ned.