Det Frisinnede Venstre

Partibakgrunn
StiftaNedlagdValdeltakingStortingsrepresentasjon
1909 1936 1909 - 1936 Minst ein periode

Historie

Det Frisinnede Venstre var eit parti som vaks ut av Venstre på tidleg 1900-tal, i kjølvatnet av at Samlingspartiet (som vart skipa før unionsoppløysinga i 1905) braut saman. I det politiske klimaet som følgde etter at unionen med Sverige var over, kom gamle partiskilnader fram att i lyset, og usemja i Venstre auka. Ei fløy ville samarbeida med Høgre om regjeringsposisjonane, medan ei anna heller ville stå i opposisjon. I 1908 vart derfor den eksisterande stortingsgruppa delt i to fraksjonar; Det konsoliderte Venstre og Regjeringsvenstre. Sistnemnde fraksjon skipa i 1909 partiet Det Frisinnede Venstre. Blant initiativtakarane til det nye partiet var mellom anna Christian Michelsen og dei liberale, Abraham Berge, Wollert Konow og Fridtjof Nansen.

Mot slutten av tjueåra eksisterte Frisinnede Venstre og Frisinnede Folkeparti side om side. Ein kan likevel seia at dette er avspeglingar av same parti, og på den måten kan ein seia at Det Frisinnede Venstre i realiteten skifta namn til Frisinna Folkeparti i 1932. Partiet vart nedlagt i 1936 då dei fleste medlemmane gjekk over til Høgre.

Politisk førte partiet ei konservativ linje som låg ganske tett opptil Høgre sin politikk. I løpet av dei litt over tjue åra partiet eksisterte, hadde det på det meste 26 representantar på Stortinget. Partiet deltok i fleire koalisjonsregjeringar, og innehadde ved to høve også statsministerposten, ved Wollert Konow og Abraham Berge.

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1909 Frisinnede Venstre stifta av utbrytargruppe frå Venstre.
1932 Frisinnede Venstre endra namn til Frisinnede Folkeparti.
1936 Frisinnede Folkeparti lagt ned.