Det Liberale Folkepartiet

Partibakgrunn
StiftaNedlagdValdeltakingStortingsrepresentasjon
1972 1989 1973 - 1985 Minst ein periode

Historie

Det Liberale Folkepartiet vart stifta i 1973 under namnet Det Nye Folkepartiet, av ein fløy i Venstre som ynskte norsk medlemskap i EEC. I 1980 vart namnet endra frå Det Nye Folkepartiet til Det Liberale Folkepartiet. Med unntak av standpunktet til europeisk samarbeid, delte Det Liberale Folkeparti det meste av Venstre sitt sosialliberalistiske tankegods. Partiet deltok i fire stortingsval, og i 1973 fekk dei inn ein representant i Ole Myrvoll frå Hordaland.

Utover 80-talet gjekk partiet si oppslutning gradvis nedover, og sommaren 1988 vart det vedtatt at partiet skulles slås saman med Venstre. Eit mindretal av medlemmar som ikkje såg ein plass for seg i Venstre, stifta De liberale - Europapartiet i 1989. Dette partiet vart døypt om til Det Liberale Folkepartiet i 1992. “Nye” Det Liberale Folkepartiet har gradvis gått vekk frå den sosialliberalistiske linja, og er i dag eit meir reindyrka liberalistisk parti.

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1972 Det Nye Folkepartiet stifta etter ei splitting i Venstre.
1980 Det Nye Folkepartiet endra namn til Det Liberale Folkepartiet.
1989 Det Liberale Folkepartiet vart lagt ned. Nokre gjekk inn i Venstre.