Samfundspartiet

Partibakgrunn
StiftaNedlagdValdeltakingStortingsrepresentasjon
1932 1949 1933 - 1949 (unntatt 1945) Minst ein periode

Historie

Samfundspartiet vart skipa tidleg i tredveåra som ein reaksjon på den vanskelege økonomiske situasjonen som råda i Noreg og Europa. Partiet blei leia av forfattaren Bertram Dybwad Brochmann, som satt på Stortinget i perioden 1933-1936. Brochmann fekk mykje merksemd som stortingsrepresentant, då han grunna dei vanskelege tidene nekta å ta i mot stortingsløn – ei handling som symboliserte politikken partiet jobba for. Samfundspartiet si mest sentrale sak var revisjon av det rådande økonomiske tankesettet, og Brochmann arbeidde for å endra staten sitt pengestell og rentesystemet i økonomien. Ved valet i 1937 fall Brochmann ut av Stortinget, men Samfundspartiet vann likevel eitt mandat på Stortinget, ved Sigurd H. Jacobsen frå Nordland.

Både Samfundspartiet og partileiar Brochmann fekk ein trist sorti frå norsk politikk. Midt på 30-talet hadde Brochmann åtvara mot den voksande nazismen i Tyskland, og han var openlyst kritisk til NS og Vidkun Quisling. Då Noreg blei okkupert av tyskarane, gjekk likevel Brochmann ut med ein radiotale der han var særs kritisk mot regjeringa Nygaardsvold si flukt frå landet. Same år ga han også ut boka “Den 9. april. Norge og verdensrevolusjonen”, som inneheldt ei rekke meiningar som kunne tolkast som støtte til Nazi-Tyskland. På bakgrunn av utspela og meiningane sine i 1940, blei Brochmann dømd som landssvikar i 1945, og fekk tre og eit halvt år i fengsel. Han slapp til slutt å sone straffa, men blei aktivt stengt ute frå norsk samfunnsliv av media og akademia fram til sin død.

Då Brochmann forsvann frå den politiske arenaen, forsvann også Samfundspartiet. Partiet stilte rett nok til val i 1949, men makta ikkje å vinne sete på Stortinget. Organisasjonen blei lagt ned seinare same år, og blei dermed borte frå partilandskapet.

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1930 Samfundspartiet stifta.
1949 Samfundspartiet lagt ned.