Det Moderate Venstre

Partibakgrunn
StiftaNedlagdValdeltakingStortingsrepresentasjon
1888 1906 1888 - 1906 Minst ein periode

Historie

Det Moderate Venstre blei grunnlagt i 1888, etter at ei religiøs fløy braut ut av Venstre. Partiet hadde eit konservativt verdisyn, og konsentrerte seg særleg om avhaldskamp, moralske og religiøse spørsmål. Etter indre strid, der partileiar Lars Oftedal opna for samarbeid med Høgre, gjekk ei gruppe attende til Venstre i 1891. Det Moderate Venstre var med i samarbeidet kring Samlingspartiet frå 1903 og fram til unionsoppløysinga. Då Samlingspartiet vart lagt ned, høyrde også Det Moderate Venstre opp med å eksistere. Dei fleste av partimedlemmane som var igjen, gjekk då over til Høgre.

Sentrale organisatoriske hendingar
ÅrHending
1888 Moderate Venstre stifta av ein religiøs fløy i Venstre.
1906 Moderate Venstre vart lagt ned. Nokre gjekk over til Høgre.